Treningsdagbok

 

26. april  2009

Så kom endeleg dagen då me skulle til Førde å gå lydighet. Har kvidd meg som ein hund (!!!) siste vekene, så når dagen kjem er det alltid godt å få det overstått. Eg var ganske så usikker på korleis Busy ville takle heile greia. Ho likar ikkje seg når det blir masse hunder rundt henne, og det visste eg jo at det ville være der... Heldigvis var lydighetsringen i eit skjerma hjørne litt vekk frå utstillingsringene, så da var bra. Likevel skulle dama ikkje ha godbit når me kom, og heller ikkje leike.... Men ho kom seg etterkvart, og tok både leike og godbit til slutt. Først var det tannvisning og der fekk me max poeng:-) Så var det fellesdekk, og der fekk me 0 poeng - som eg rekna med. Dette er ein øvelse me slit med, så her må eg nok gå tilbake og gjere det enklare for ho å lukkast, og trene tid og avstand kvar for seg før eg igjen prøver å kjede saman øvelsen +  at eg skal lære ho låg dekk. Lineføring og fri ved foten gjekk kjempebra, så da var kjekt:-) Resten gjekk brukbart, bortsett frå stå under marsj, der ho var litt ukonsentrert pga av at 2 hunder rett utafor ringen byrja å krangle, så da vart 0 idag. 109.5 poeng totalt og ein 3 premie. Vart nr 4 av 8 startande.

Kiwa klarte fellesdekken, og det var dagens store overraskelse:-):-) Det hadde eg ALDRI trodd, for den har ho vore veldig variabel med, og stort sett har ho reist seg før eg har klart 3 min. I kl 2 skal hundane ligge på rekke i 3 minuttar, der førarane går utafor synsvidde. Og det er LENGE..... Men altså 30 poeng til oss idag:-) Ho gjekk da meste brukbart, men det vart nok i meste laget for ho, så på slutten melde ho seg litt ut, og klarte ikkje meir. Så me fekk 0 i innkalling med stå (ho stoppa, men for seint), hopp over hinder og ut til kjegla. Dagens andre store glede var at ho henta apporten:-) Det er ein annan øvelse eg har streva med, så sjølv om me berre fekk 6 poeng der, fordi ho ikkje satte seg inn på plass + at ho var ganske treg, så var da ein seier:-)

Alt ialt er me fornøyde med dagen. No skal me trene vidare på det me strevar med, og så kjem me tilbake ved seinare høve i sommar!

2. mars 2009

Kiwa: Stå under marsj er no ganske godt inne, og no er det innkalling med stå me trenar på. Fungerar best med belønning bak ho, eller at eg kastar ball bak ho sekundet etter eg har sagt kommandoen. Så har eg brukt LANG tid på å trene inn musematte. Løysinga vart å bruke ein flat stein, for den hadde ho ikkje lyst å apportere...... Så no skjønner ho at det handlar om å springe bort og touche den. Så igår tenkte eg at NO skal eg ta fram kjegla, og tilnærme meg øvelsen ut til kjegla med stå. Men kva skjer?? Jo, då skulle damen i staden apportere kjegla!!! Klarte ikkje å få ho til å skjønne at ho fortsatt skulle springe til hella. Så no er eg i tenkeboksen for å finne ut kva eg gjer med dette. Gode råd mottas med takk! Ellers har ho plutseleg funne ut at apporten er SKUMMEL - ho som har apportert det meste i heile sitt liv, vil no helst ikkje ta i apportbukken..... Så det dukker opp nye problem og utfordringar heile tida, og eg som tenkte at det skulle gå forhaldsvis greit å få ho klar til kl 2 i løpet av våren, er no sikker på at det blir både sommer og haust før me kan starte i ny klasse!

Busy: Trenar no på sitt og bli, og dekk og bli. Begynner å skjønne at det faktisk GÅR an å bli sittjande/liggjande sjølv om eg går ifrå. Jobber og med fri v foten og det å innta utgangsstilling. Ho er kjapp som søren i alt ho gjer, og det store problem no er at ho legg seg for langt fram. Ho har veldig god bakpartskontroll og er flink til å få inn rumpa; kan til å med rygge seg bakover viss ho er for langt framme. Hadde eit håp om at eg kanskje kunne stille ho i kl 1 i Førde i slutten av april, men eg er redd det manglar alt for mykje til at da skal være gjennomførbart..... Har ikkje trent hopp over hinder endå, treng meir trening m tannvisning, stå under marsj er me såvidt igang med, for ikkje å snakke om å konsentrere seg gjennom ein heil lineføring/fri v foten.... For ikkje å nemne det skrekkelege ordet FELLESDEKK!! MEN - me jobber, og det går mot vår. Så eg håper treningsånda held seg stabil framover, for DET er i alle fall sikkert: skal det bli framgang MÅ det trenast!! Og om vel 2 veker er det duka for kurs med ein trinn 3 instruktør i Gaupne, så det betyr jo kort sagt at me må skjerpe oss!!

31. oktober

Det ser ut som me berre ligg på latsida, sidan treningsdagboki stort sett blir oppdatert kvar 3-4 månad. Det er IKKJE tilfellet! Me driv nok på, og her skal eg skrive litt om det me er igang med.

KIWA: Trener fortsatt på stå under marsj. Den har me slite med veldig, veldig lenge. Det er stor framgong, men fortsatt hender det at ho er usikker og ikkje stopper. Andre gonger stopper ho brått og presist, og det er sjølvsagt det eg ynskjer. Må få Inger til å sjå på oss, antakeleg er eg upresis i mine kommandoer, eller gjer andre ubevisste ting, som ikkje altid er lett å sjå sjølv. Ellers trener me på ut til ruta. Måten eg vil bruke er å lære inn musematta - ho skal altså springe bort og touche ein musematta med labben. Matta blir så lagt ut i ruta og vil få ho til å springe dit. Kan så etterkvart fjernast heilt. Har altså dreve og trent på touching av musematta inne ei stund. Det går glimrande på kort avstand, men når det blir litt lengre ut, vil ho apportere heile musematta...... Kan ikkje korrigere når ho gjer feil, men då får ho ikkje belønning. Målet er at ho skal koble dei to tingene, men det går tregt! Men siste dagane har det vore bedring:-)

BUSY: Trener mest på sitt, dekk og utgangsstilling. Å komme inn på plass går kjemperaskt og her trengs ingen håndteikn lenger, men hjelper litt med kroppen min endå. Den har eg trent LITE på, men ho elsker det og har lært seg det utruleg fort. Dekken er ikkje inne. Må fortsatt bruke håndbevegelse med godbit for å få ho ned. Prøver å berre bruke håndbevegelsen, uten godbit, og så kjem godbiten frå hin håndi når ho er nede. Men når ho skjønner at godbiten ikkje er der, har ho ikkje lyst å ned... Sitten har ho bedre forståelse for, men den er fortsatt treg. Ellers leiker eg mykje med ho, og det elsker ho. Ho henter gjerne ting, og har etterkvart blitt meir utholdande i søk etter ball, der ho før lett ga opp. Ho er morsom å jobbe med. Er veldig intens og ivrig i alt ho gjer.

24 juni

No har det gått VELDIG lenge utan nye ord i treningsdagboki. Så det er visst på høg tid å få skrevet litt. Kiwa har jo hatt eit kvelpekull sidan sist, men litt små treningsøkter har det no vorte likevel innimellom. Denne helgi har me vore på eit intensivt agilitykurs, med teori fredags kveld og praktisk trening laurdag og søndag. Eg og Kiwa har trena litt på eigenhånd før også, på dei hinder me har på treningsplassen vår. Men dette er første gong me har vore på kurs, og det ga meirsmak! Kiwa tykjer det er MORO med fart. Det betyr at ho lett "koker over" så her er masse ting å jobbe med. Men ho er ganske trygg på dei allerfleste hinder, og utvikla seg veldig i løpet av desse to dagane. Det vanskelegaste for oss begge var nok at ho pludseleg måtte venja seg til å bli ført frå høgresida. DET er uvant for ein hund som er trent i lydigheit, der ho altid må gå på venstresida!! Men når sant skal seiast, var det nok vanskelegast for meg.....ho tok det lettare!  Så eg er kjempefornøydd og har absolut lyst å fortsettja treninga, slik at me kan delta på vidaregåande kurs til hausten! Ellers har eg meldt på i LP klasse 1 d 7 juli, så no har me 14 dager på å få jobba inn ein noko bedre stå under marsj + fellesdekk. Resten bør me klare; skjønt det er ikkje alltid ting blir slik ein håper.....

9. mars

Fram til no har me lagt inn litt trening på dei daglege turane våre. Men no blir nok det lagt litt på hylla til kvelpane er født, og greier seg utan mamma ein stund.....

24. februar

Var på trening siste gong idag. Kiwa fungerte bra. Me jobba med to nye øvelser: stå på veg inn mot meg (når ho er på veg inn seier eg stå og later som eg kaster ein ball. Prøvde tre gonger, det gjekk bra. Ho har tyudelegvis forståelse for dette! Så prøvde me fremadsending til kjegle. Dette har me jobba med for lenge, lenge siden, og ho hugste bedre enn eg hadde tenkt. Sprang villeg ut til kjegla og fekk belønning/leik derute. Brukte hanske m snor; det liker ho kjempegodt! Ellers måtte me nett vise dei andre, at Kiwa endeleg har oppdaga at ho har ein bakpart, som det går an å flytte på! Så no greier ho fint venstrevendingar på stedet, noko me har slete med....

20.januar 2007

No har denne sida lege nede i nesten eit år. Sjølv om det no vert paring av Kiwa, og dermed ikkje den heilt store trening framover, så skal eg i hvert fall prøve å bli flinkare. Etter debuten i lydighetsringen har eg nok ikkje vore heilt flink med treninga. Det meste i kl 1 klarer ho. Det er den forbaska "ståen" me sliter med, og er det noko som kjem til å gje meg grå hår i hodet, blir det nok den.... Så har me fellesdekken - den kan ho jo heller ikkje, har aldri trene direkte på den. Me må begynne med å trene dekk med forstyrrelser - i alle moglege miljø - så vil forhåpentlegvis den komme etter kvart. I Luster Hundeklubb har me lagt opp til jamnt med aktiviteter utover vinteren/våren, og me blir med så mykje me greier.

12. mars

Idag møttes eg og Inger og skulle trene hunder. Eg har jobba bra i det siste og såg fram til å få tilbakemelding på korleis ting så ut. Og så funka det ikkje i det heile teke!!! Kiwa såg ut som eg hadde dengt ho: gjekk ein meter ifrå meg, torde ikkje heilt å ta ballen. KATASTROFE!!! Og eg som tykte ting verkjeleg hadde losna i det siste.... No er nok mykje av årsaken at eg stressa; det er lenge siden eg har trent med tilskuare, og no ble eg kommandert hit og dit! Dette var ikkje oppmuntrande, men skal me gje os? NEI! Her er det berre å fortsettja. Kiwa merka nok at eg var heilt annerleis enn vanleg, og forsøkte å dempe ned heile situasjonen med å være passiv og unnvikande. Og så veit eg, at eg hadde ein annen måte å gå på idag - der eg under trening har gått med venstrehånda opp mot ansiktet (m godbit) gjekk eg no med vanlege, hengande armer. Så for å halde auge med den godbiten i hånda, måtte ho no henge etter og trekke seg ut til siden.... Vel, me fortsetter treninga og håper på framgang etterkvart! 

3. mars

Om det er lenge siden eg har fåt skrevet i treningsdagboka, betyr det heldigvis ikkje at det har blitt like dårleg med trening... Me HAR drevet på innimellom, og trapper no opp treninga. Det mest drastiske som ellers har skjedd i det siste, er naturleg nok at Alex no har fått nye eigare. Han reiste for 14 dager siden, og det er unekteleg tomt etter han! Kiwa var noko deppa dei første dagane, men er no i full vigør igjen. Og ho er veldig ålreit å jobbe med no - så det må me utnytte. Har jo likssom tenkt å melde på i klasse 1 i løpet av våren, men det er visst ein god del som mangler endå. Så her gjeld det berre å stå på!

27. januar

Igår hadde eg hundane med heim i skiløypa, når ongane var på cup-renn. Då fekk eg prøvd meg på å gå med to hunder i band. Må innrømme at det vart ein del floker i linene + at kvar gong eg ville belønne at Alex oppførte seg bra, når andre skiløpare suste forbi, så hoppa han som vanleg oppetter meg. Og då vart det lina rundt føtter og bein i alle varianter... Men litt trim fekk me, og det var ein ny plass for han, med mykje lyder og folk som suste forbi oss i mørket. Har faktisk fått trent litt stå med Kiwa siste dagane, og det funker vel ganske bra. Legger ein ball bak oss, går fri v foten framover, og på kommando og meget tydeleg kroppsbevegelse stopper ho då opp og springer bak til ballen. Så kanskje det er håp for oss?? 

21. januar

Denne veka har det blitt dårleg med trening og dårleg med turer. Har jobba mykje og hatt fleire møter på kveldstid, og det går nok ut over dei firbeinte..... Men IDAG har begge fått bra med aktivisering, det føles godt!! Alex har vore med på laurdagstreninga, og fungerte bra også idag. Ang bjeffinga, som me har slitt med, var det mykje bedre idag. Så kanskje det handler om å bli meir vant til andre hunder. Det er ikkje kvar dag me treffer nye, ukjente hunder, men eg må nok til å oppsøke slike for å få meir trening. (Men det er viktig at dei me møter er snille og trygge, så ikkje han får seg fleire skremmande opplevelser). Ellers varer treninga for Alex to timer, siden han må være med på begge gruppene, så det er ein bra sliten kar eg får heimatt! Han låg også ein time aleine i bilen før me reiste heimatt (- medan eg og Karoline drakk kaffi og åt vafler; ja livert ER urettferdig); også det er trening, men det går heilt fint. Kiwa fekk ein lang gåtur med innlagt trening idag tidleg kl kvart over sju - då var fjøsstyren unnagjort og eg fekk ein spontan trang til gåtur, siden føret no var meir stabilt. Det var ganske mørkt når me gjekk, og ho fekk eit par søk etter ball, der ho berre måtte bruke nasen for å finne den - og det gjekk flott! Ellers vart det litt fri v foten og sitt med innkalling. Ståen, som eg egentleg skulle jobbe mykje med, har eg slurva med.....det håper eg blir bedre i kommande veke..! Ellers får eg rikeleg mental utfordring sjølv desse laurdagane med trening. Det å stå ansvarleg for å sysselsette ANDRE, er nytt for meg. Egentleg VELDIG skummelt, (men kanskje ikkje så skummelt som frykta?) men det går no på eit vis. Sjølv om ein slik time kan føles veeeeldig lang, og eg føler at eg er tom for meir å sei, så får ein no leve i håpet om at gruppene føler dei får med seg litt nyttige råd vidare....

14. januar

Har no hatt andre kursdag med kvelpene på trening. Idag var me berre fire stykker, ein fin gjeng med god kontakt. Me jobba med sitt, dekk, lineføring, apport og på slutten innkalling, der me gøymte oss litt for hundane. Alle var ivrige og dette var tydeleg kjekt for både to og firbeinte! Alex var bedre med bjeffinga idag, var på langt nær så usikker og tok sjølv kontakt med dei andre. Så det hjelper nok å treffe andre greie hunder litt oftere.

13. januar

Idag er Alex og Ayla fire månader! Må sei at tiden har gått utruleg fort... Alex fekk være med, når eg skulle levere Karoline og ei veninne på ridekurs i ettermiddag. Og medan dei var der, reiste eg og Alex på besøk til ei sheltie-tispe på fem mnd, Lexi. Først var Alex litt tilbakeholden, men etter fem minutter var leiken igong, og dei hadde det kjempegøy ilag! Så det var ein sliten hund eg hadde med heimat... 

11. januar

No har me hatt DET fine veret siden lenge før jul - kuldegrader og flott vinterføre. Men i natt regna det skikkeleg og når me skulle ut på tisse-runden idag tidleg, var det såvidt me sto på føttene... Blanke kula overalt! Skikkeleg deprimerande, spør du meg. Eg er glad i skikkeleg vinter med snø og skiføre, men hålka er det verste eg kan tenke meg. Eg hadde bestillt mitt ynskje-ver fram til påske; då kan våren komme. Men slik vart ikkje det denne gong heller.... Så idag har ikkje det blitt mykje tur på hundane, men eg har forsøkt å aktivisere dei ein del inne. Hatt Alex på bord, stellt pels og klippt klør. Trent litt på øvelsene fra kurset + litt apportering, som ikkje går bra i det heile teke. Han bærer villeg på alt mogleg, men med ein gong eg blander meg inn og skal leike med gjenstander, slipper han alt og er berre gira på meg... Eg skal prøve å være meir passiv, snu ryggen til når han tek ballen/filla og gå vekk fra han. Men det funka ikkje heilt det heller, tykte eg... Han var berre opptreken av at eg hadde pølse - og pølse, DET er mykje bedre enn å leike kan du vite!! Så om han er enkel og fin og jobbe med på mange måter, så må me visst streve litt her. Kiwa er ganske arbeidsivrig for tiden, kanskje det er godt med litt konkurranse?? Så idag har me jobba ein del inne og det gjekk ganske greit. Har begynnt forsiktig på ein skjult dekk og det funker greit inne. Derimot har dekken ute ikkje gått heilt så bra. Ho har reist seg eit par gonger, og det verkar som det rett og slett handler om at det er ufyseleg å ligge i snøen... Eg har gått litt tilbake i treninga, går ikkje så langt ifrå lenger, og då gjekk det bra. Nok å trene på er det i alle fall, med to hunder, så her er det berre å drive på!

7. januar

Så har me hatt første kursdag med praktisk trening. Otte hunder fordelt på to grupper. For vår del vart det ein bra dag. Alex skulle være med, og me begynte med å la han være bak i buret i bilen på turen . Det er første gongen han er der uten Kiwa, men det gjekk heilt greit. Så var han på kurs, og han fekk vise dei andre korleis dei skuille jobbe. Han fungerte kjempebra! Var spent på om konsentrasjonen vart dårlegare når det var fleire hunder der, men ikkje noko problem! Derimot vart det ein del bjeffing på han, som eg godt kunne ha unnvore.... Det blir ein slags overslagshandling - når ikkje ein heilt veit kva ein skal gjere, så bjeffer ein! Heldigvis hadde eg både Karoline og Emma der, så dei tok seg av han/avleda litt når eg jobba med hine. Så det gjekk bra. Det me gjekk gjennom var: fri ved foten, sitt, dekk, inkalling - og til slutt litt moro-ting: hoppe opp på bord og springe gjennom sementrøyr. Det siste var skummelt nok for fleire, men Alex tok det greit. Så avslutta me, og det var ein gjeng slitne hunder som reiste fra kurset!

5. januar

Idag starta me opp kvelpekurs i hundeklubben vår. 14 personer møtte opp og det vert sju hunder; me starta med teori og så var Alex med som demo-hund. Trur han klarte den jobben kjempefint! Han er veldig fin å jobbe med, har god kontakt sjølv i forstyrrande omgjevelsar og tykjer det er moro å jobbe når det vanker pølse som belønning! Sjølv blir eg adskilleg meir stressa med folk som skal sjå på meg når eg jobber, så eg får vel strykkarakter! Men det er ikkje så nøye; det viktigaste for meg var at Alex fungerte, og det gjorde han! Fekk prate med masse folk og det gjekk bra. Kan nok være litt reservert på enkelte, men tek greit kontakt med dei fleste. Laurdag starter me opp med praktisk trening, der eg skal være "instruktør" - har nok lurt på mange gonger kva i all verden eg har git meg ut på no.... Eg er IKKJE utdanna instruktør, har aldri gjort noko slikt før. Men tanken min er, at siden Inger - leiar i hundeklubben - (diverre) ikkje har kapasitet til å ta seg av all aktivitet i klubben vår, og siden ingen andre verka til å ha lyst heller - så følte eg at eg måtte ta litt ansvar. Ikkje minst pga han Alex, som treng å møte andre hunder, og som fortjener å bli jobba med. Så då sto eg pludseleg der! Og om ikkje eg kan svare på alt, så kan eg hjelpe folk til å få hjelp andre plasser viss det trengst. Og me får i alle fall til aktivitet i klubben og DET må no være positivt uansett. Skal halde dykker orientert om utviklinga framover.

1. januar

Så er nyttårsfeiringa overstått. No er det ganske fredeleg å feire nyttår her hjå oss - dei einaste raketter me høyrer og ser, er dei me skyt opp sjølve. Og det er ikkje mange! Fem-seks stykker kanskje, slik at ongane er fornøydde; ellers er det snakk om litt kinaputter og stjerneskot. Dette gjer det ganske greit å være hund her. Ingen overraskelser i utide. Men eg er inne med hundane dei minutter dette varer, er på loftet med musikk og ligger og slapper av. I år hadde me Alex her, og eg ville ta det forsiktig med han. Dei var godt lufta på forhånd, og fekk kvar sitt tyggebein å gumle på, men han var fullstendig uberørt av heile greia! Kiwa er litt meir stressa, men det er muligens like mykje fordi ho gjerne vil være med der det skjer. Ellers har me teke ein nydeleg skitur idag, fem ongar, to vaksne og to hundar. Muligens litt i lengste laget for ein kvelp, men Alex klarte seg bra! Fekk nye opplevelser med å krysse elver og ta seg fram i ulenda, men han klarer seg flott. Og no ligg dei begge og søv som engler......

28. desember

Framover kjem eg til å skrive kva som skjer treningsmessig med både Alex og Kiwa her på denne sida. Me har nok lege ein del på latsida i det siste, kanskje spesielt når det gjeld Kiwa. Men det må no absolut trappast opp, slik at me kan ha som mål å debutere i LP kl 1 til våren...... Me har trent litt små-øvelser på kjøkkengolvet, men me har vel trent mest på det ho kan best.... Så no må stå-øvelsen settjast på dagsordenen, for den er ikkje i nærleiken av å likne det den skal!! Ellers har nok Alex hatt førsteprioritet. Siden det no er bestemt at han skal bli hjå oss til ut i januar/februar, så treng me å jobbe målbevisst med han framover. Han treng spesielt å treffe andre trygge, trivelege hunder, for her er han ganske usikker. Så må han helse på masse folk, bli teken med i nye miljøer, bli handtert mm. Me kjem til å starte opp eit kvelpekurs i hundeklubben vår, der han skal få være med, dette kan de lese meir om seinare.