Til minne


Dette var vår første sheltie, Tommie av Missebo. Me var heldige og fekk kjøpt denne flotte hanhunden av Harald Refsland. Tommie var etter NuCH Arcot Thumbalena og NuCH Banarama of Kyleburn. Han vart stillt på ein del utstillinger som kvelp og unghund og gjorde det bra. Han vart bla BIR valp på NSSK`s unghundskue i 1990. Diverre fekk eg ikkje anledning å stille han meir - me dreiv i denne tiden og bygde hus og fjøs, og fekk fem ongar. Dermed vart det vanskeleg å komme seg avgårde på utstillinger, som betydde mange timers reising og dermed overnatting. Han var ein triveleg hund å ha i hus - aktiv, leiken og veldig barnekjær. Der ongane våre var, var også Tommie! Han vart nesten 14 år gamal.


På denne siden skulle det helst være bilder av gamle hunder, som hadde levd eit langt og godt hundeliv. Men no må vår vesle, sjarmerande Aimee også få bildet sitt på denne sida. Ho døydde berre fire veker gamal av ein medfødt hjerte/lungefeil, og ligg no begravet i hagen vår, attmed Tommie...

Sprella og Snøkvit


Nusse