| 22.09.2011: |
Jippiiiii!! 22 september gjekk eg og Kiwa ein fersksporprøve for dommar Arvid Solheim, og fekk godkjent. Dermed er ho godkjent ettersøkshund:-D Om det som står i ettersøkshundregisteret stemmer, så skal det finnes endå ein sheltie som er godkjent i Norge. Men det er altså ikkje mangen av dei! Så me e litt stolte altså;-)
|
|
|
Rettholtens Cantilly Bluegirl - godkjent ettersøkshund hausten 2011:-) |
Idag har eg gått fersksporprøve med Kiwa, for dommar Arvid Solheim, og me fekk godkjent:-))))) Det betyr at Kiwa no er godkjent ettersøkshund!!! Eg e so utruleg glad=) Eg var ganske usikker på denne delen, og det er vel feil og sei at ho var veldig overbevisande, men so var ikkje forholdi optimale heller, dvs spora me fann var ikkje ferske, men heller gamle. Eg er ganske sikker på at ho ville ha gått betre om spora hadde vore ferske. Men er fornøgd med å få godkjent:-) Prøven gjekk slik føre seg: eg hadde avtalt med Arvid at han skulle komme hit, fordi han sleit med å finne tilgjengelege område med ferske spor. Eg satsa på at det gjekk betre her, men det var ikkje heilt enkelt.... Me starta litt forsiktig med å krysse ein innmark. Det var det teikn til hjortespor, og eg fekk beskjed om å ta på sporsele på Kiwa, og sjå korleis ho reagerte på desse spora. Tok på selen, kommanderte "søk spor", og Kiwa fulgte desse spora til kanten av innmarka. Så vart ho litt nølande - såg på meg, og skjønte visst ikkje heilt kva det var eg ba ho om.... Eg har heller aldri bedt ho om å følgje ferske spor, men heller mine eigne blodspor! Det gjekk sakte oppover; kom oss ut i skogen, men som sagt så var ho usikker på heile greia. Såg på meg rett som det var, og lurte på kva i all verden ho skulle - stoppa opp ei god stund og åt gras!! - då vart eg stressa altså, for ho sto og kosa seg ganske lenge... Men så kom me litt lenger opp i skogen, og kom inn på eit hjortetrakk med ferskare spor, og då var det plutseleg ein sporhund eg hadde med meg:-)) Då gjekk ho konsentrert og greitt; kikka rett nok fortsatt på meg til tidar, som for å få bekreftelse på at det var ok, og gjekk så vidare. Eg trur me gjekk i 30-40 min, der ho tidsvis gjekk veldig bra, og tidsvis utan mål og meining.... Eg følte meg som sagt veldig usikker på dette, visste ikkje heilt korleis eg skulle oppføre meg heller... Men til slutt kom me opp på ein høgde, der Kiwa hadde gått veldig bra eit godt stykke. Der ba dommaren meg om å avslutte, og så sette me oss ned og prata om kva han tykte. Han sa at han ikkje hadde problem med å godkjenne ho (jippiiii!!!!), for det var tydeleg at ho var på sporet i periodar. Og han var sikker på at spora var godt over 24 timar gamle, og vel så da, og det skal dei jo eigentleg ikkje være. Så ho hadde fått vanskelege forhold å jobbe under, men han var ikkje i tvil om at ho ville kunne gjere ein god jobb under eit reelt ettersøk:-)) For min del fekk eg litt kjeft for at eg gjekk for fort. Det ser eg jo; men eg vart so glad når eg kjente at ho verkeleg "var på" at eg då berre fulgte på.... Hadde dette vore eit reelt ettersøk, så MÅ ein gå forsiktig fram, og det er kjempeviktig at skyttaren som kjem bak, også klarer å følgja med!! Men alt i alt er eg jo kjempefornøgd med dagen, hunden, dommaren og premieringa:-D Så fornøgd at eg beint måtte bestille meg diplom frå NKK, med namn på hund, førar og godkjenningsnummer:-)) Så er det slik at Kiwa no er godkjent med meg som fører. Viss eg ynskjar at andre skal kunne føre ho, så må den/dei gå opp til ein prøve med ho og. Det KAN hende at det hadde vore lurt at min son, Lasse, hadde kunna ført ho, sidan det er han som er jeger (enn so lenge, til eg får trena meir skyting...), men då må altså han også stille til prøve med ho.
| 07.10.2011: |
Som eg har skrevet om før på sporloggen, følte eg da at Kiwa har vore so stabil lenge, og gått veldig bra spor, og at eg burde melde ho på prøve. Så eg tok like godt og hoppa i da, og melde ho på til bevegeleg prøve for dommar Helge Alme! Me avtalte at me skulle møtast på Hafslo d 18 august, for å gå eit blodspor. Eg fekk aldri sjekka reglane skikkeleg, så eg fekk litt hakaslepp når eg snakka m Helge, og fann ut at det var fleire ting eg ikkje hadde trena på.... Fx hadde ho aldri gått spor lagt av fremmand sporlegger, aldri hatt person bak meg i sporet, aldri hatt skank som sporslutt, berre trena ein gong på blod-opphald (det var siste sporet før prøven, og det var det dårlegaste ho har gått på leeenge...) og eg har alltid hatt godbitar i sporet. Men eg torde ikkje sei alt da til dommaren, så eg heldt kjeft, men kjende på meg at det eigentleg var ganske urettferdig for Kiwa og starte, med so mykje nytt på ein gong... Dermed hadde eg mange tanker om korleis eg skulle få trekt meg frå heile greia, men kom ikkje på nokon gode unnskyldningar:-0 Og så bestemte eg meg for å ta sjansen, og tenkte at eg fekk ta da som ein trening.
Sjølve prøvesporet skal være ca 600 m langt, ha minst 4 vinklar og det brukast ca 3 dl blod til eit slikt spor. Det skal være eitt sårlege (sporleggjar sparkar litt i bakken, og har på godt med blod der) som hunden skal markere. Det skal være 2 opphald i blod, dvs sporleggjar går sporet utan å dryppe blod) på 10 m, og minst eitt av dei skal være i vinkel. Sporet skal være 12-24 gamalt. Både start, sårlege og sporslutt markerast med ekstra blod.
På prøvedagen møtte eg dommaren på Statoilstasjonen på Hafslo kl 9 om morgonen. Køyrde derifrå ilag ned til parkeringsplassen ved "Stigningen", og gjekk bort i skogen. Kiwa hadde lege i bil sidan halv seks om morgonen, så eg ville gjerne at ho skulle tisse før me starta. Men da fekk ho aldri gjort, for plutseleg var me ved sporstart, og ho hadde berre lyst framover..... Det stressa meg litt, men Helge meinte ikkje da var noko problem, så då var det på med sporselen, og so var me i gang.... For å sei da mildt: da var skummelt! Eg trur eg hadde ein puls på minst 200 dei første 10 minuttane...... det føltes så aldeles ute av kontroll! Dei første 25 metrane er merka med 2-3 sløyfer i trea, og så: ingenting!! For meg som alltid har lagt ut mine eigne spor, og dermed alltid har ein viss peiling på kvar eg har gått (vel - eg innrømmer at eg er elendig til å hugse kvar eg har gått, så dette stemmer ikkje heilt..), så føltes dette berre uverkeleg! MEN - Kiwa tykte visst ikkje da, for ho hadde godt drag i lina, og var visst ikkje i tvil om noko:-D Etter ein god stund roa mine nervar seg noko, for eg såg jo at Kiwa var på sporet, og skjønte at eg berre måtte stole på ho. Me gjekk i fint skogsterreng med litt myr, mose, furuskog - kjempekoseleg. Plutseleg såg eg at Kiwa stoppa litt opp, og der var sårlege:-)) Eg var litt usikker på kva EG skulle gjere, men eg peika i bakken til dommar for å vise at me hadde sett da, og da var ok sa han etterpå. Så gjekk da vidare. Kiwa var veldig konsentrert om oppgåva, og gjekk framover med godt drag i lina, og nasen i bakken. Eit par gonger stoppa ho litt opp og såg på meg, og eg frykta at ho hadde kommt på villspor, og ikkje visste kva ho skulle - men ho gjekk vidare:-) Elles kan eg ikkje fortelja som mykje meir om sporet, for det var so spennande, og litt uverkeleg, og eg hugsar ikkje so mykje av da rett og slett! Men endeleg kom me til sporslutt - eg var so redd for at ho ikkje skulle markere slutten, for ho var vand å finne ein godbitskål i enden, og no låg da ein hjorteskank!! Men null problem - hjorteskank var DEILIG sa ho, og stoppa heilt opp og undersøkte den, og fekk sjølvsagt MASSE ros og belønning for å ha gjort ein kjempejobb!!
Enden på visa vart at me fekk 1 premie med HP for dette sporet, som dommar var veldig fornøgd med:-)) Han sa me var blant dei beste debutantane han nokon gong hadde dømt (for dette var debut for både eg og Kiwa - ingen av oss har nokon gong stilt på ein sporprøve før). Hans kommentarer på Facebook dagen etterpå var slik: Som mange veit er eg dommar for ettersøkshund. Og det må vere lov å sei at det er stor variasjon på hundane i korleis dei arbeider. I dag har eg dømt ein hund, der både hund og førar var nybyrjara i prøvesamenheng. Dette er noko av det beste eg har sett som dommar på lang tid ( har dømt over 20 blodspor til nå i år). Det er sjeldan å sjå ein so spornøyen hund sjølv blant dei som har lang erfaring. Den dyktige sporekvipasjen var Mona C. Nyløy med sin hund Kiwa. Dei oppnådde 1pr. m/Hp.
Eg treng vel ikkje å sei at eg var jublande glad og hoppande lykkeleg:-)) Gode, snille, flinke Kiwa<3<3<3 Med dette var vårt første mål i boks. Og det fekk meg til å tore å satse på neste mål allerede i haust: å klare ein godkjent fersksporprøve, slik at ho kan bli godkjent ettersøkshund.... Og så ser eg no, at det og BØR være mogleg å klare eit viltsporchampionat ( som krev 3 x 1 pr, for 3 forskjellege dommarar, og minst eitt av dei må være frå ein ordinær prøve). Så da blir målet vårt for 2012!! Meir om fersksporprøven skal eg skrive ei anna dag!
| 24.07.2011: |
Ny sportrening i kveld. Hadde som mål å legge spor til Kiwa og Busy som skulle bli minst 3 timar gamle, men det vart litt i seinaste laget før eg fekk lagt dei, og det vart vel 2 t på busy og knappe 3 på kiwa. Gjekk først eit lite spor på innmark m Eve. Ganske tett m små skinkebitar. Ho gjekk bra; seint og nøyaktig og fann dei fleste godbiter. Problem i begge vinklar.
Busy fekk eit spor på ca 250 m, m blod og skinke;-) For å sei da slik, var det meget vekslande - kanonbra på fleire strekker, der ho gjekk m godt tempo og drag i lina. Men det var og MYKJE rot, der ho kom av sporet og virra rundt, utan mål og meining verka det som.... Måtte ha hjelp for å komme innpå igjen. Fant sporslutt. Dette var nok vanskeleg for ho; har aldri gått så gamalt spor før, og det er berre 2 gong m blod. Det pissregna i tillegg. Veit ikkje heilt kva eg skal tenkje om dette! Får vel berre prøve igjen!!
Kiwa fekk eit spor på 432 m (GPS), knappe 3 timar gamalt, med blod og skinkebitar og kveldsmaten i ved sporslutt:-) Det mildt sagt hølja ned medan me gjekk:-0 Eg hadde som vanleg ikkje merka sporet, og etter dei første par hundre metrane hugsa eg ikkje lenger korleis da gjekk, og eg kunne ikkje skjønne at det var slik.... Men Kiwa spiste godbiter undervegs, og det var tydeleg at ho gjekk rett. Eg vart SO imponert! Ho gjekk kanonbra heile vegen. SO konsentrert, og med stor motivasjon:-D Godt drag i lina, passeleg tempo. Gjekk av sporet iblant, men berre ein meter eller to - så skjønte ho at det var feil og kom seg innpå igjen. Eg hadde knapt nok ein turr flekk på kroppen etterpå, og Kiwa rista seg fleire gongar, slik hølja det, men ho gjekk like godt. Som sagt var det fleire gongar eg var sikker på at me var på villspor, men det MÅTTE være rett HEILE vegen:-) Eg er so imponert! Gode, flinke Kiwajenta<3
| 21.07.2011: |
Reiste i skogen med Kiwa, Busy og Eve og skulle gå spor. Hadde planlagt 4 spor: først eit enkelt godbitspor til Eve, så eit middels langt kombispor m både pølse og blod til Busy, så eit lengre godbit/blodspor til Kiwa og til slutt endå eit godbitspor til Eve. Når eg hadde lagt ut 3 spor og skulle starte m Eve, kom kvigene våre gåande midt oppi heile greia:-( Då starta eg m Busy i staden. Tok på ho selen, og ho fann sjølv sporstart frå vegen, og gjekk framover m god motivasjon:-) Ho gjekk m godt tempo og drag i lina, og gjekk nøyaktig heile vegen - gjekk nett forbi vinkelen, men tok seg greit innpå igjen. Dette var hennar første spor i år, og eg er kjempefornøgd:-) Einaste er at ho hadde litt tendens til å ville gå m litt høg nase - eg forsøker å stoppe då, og ikkje la ho gå framover, men i ulendt terreng er det ikkje alltid så lett å sjå....
Så vart det Kiwa sin tur, for det var fortsatt kviger der Eve skulle gå - men først la eg endå eit lite til Eve. Starta Kiwa, som var MEGET motivert. Me fekk då 5-6 kviger i hælane, men trur ikkje Kiwa merka da eingong.... Ho gjekk skikkeleg bra! Eg hadde jo då ikkje med noko å merke med; forsøkte nokre plassar å legge litt greiner i vinkler, men stort sett hadde eg berre ikkje peiling, og eg tenkte fleire gonger at dette måtte no være feil.... for så å oppdage at ho fann godbitar. Er sikker på at ho gjekk alt heilt rett, og ikkje var av sporet meir enn eit par gongar, der ho tok seg fort inn igjen. Dette var berre so gøy:-D Skjønner ikkje kvar det vart av sheltiane med null motivasjon for spor;-)) Etter kvelden tenkjer eg at eg berre MÅ melde i alle fall Kiwa på ein bevegeleg prøve i løpet av seinsommaren! Er klar over at me manglar mykje på å være i boks; bla har eg ikkje hatt spor på så langt som 600 m endå (kveldens spor var vel kanskje rundt 300 m, men dette er så vanskeleg å vite tykjer eg, så eg må prøve å hugse å ta m GPS neste gong), eg har fortsatt godbitar i sporet, og ho har ikkje gått fremmandspor - det er alltid eg som har lagt dei. Desuten har eg kanskje lett for å velge å gå i lettare terreng - altså viss det er veldig ulendt ein plass, går eg gjerne utenom i staden for rett gjennom.... Dette er vel ting eg må ta tak i. Og så må eg variere området - har vel omtrent berre gått i skogen vår, og no må eg ut og gå andre plassar!
Så var det Eve: gjekk først det spor eg la sist. Ho fann starten heilt av seg sjølv, og tok 20 m + vinkel + 10 m heilt perfekt. Så fekk ho alt for høgt tempo, og eg var sikker på ho gjekk feil. Da oppdaga ho sjølv og, men eg fekk ho geleida innpå att, og så gjekk ho ganske bra siste biten. Godbitskåla og dermed sporslutt var midt inni ein plass der det hadde lege ei kvige; det var nok litt skummel lukt der, for ho vart veldig usikker der, og torde først ikkje å gå bort. Eg berre avventa litt, og til slutt gjekk ho fram og fann skåla, og då vart det jubel:-) Så leika me litt, og jgekk vidare til spor nr 2 - som eg la allerførst, og som då var blitt ca 1.5 time gamalt, og som hadde hatt ein kvigeflokk trampande rundt overalt..... Dette vart nok for vanskeleg for ho. Vart mykje surr og rot, men heldigvis gjekk ho siste 10 metrane til sporslutt og godbitskål ganske greit, så me fekk avslutta på ein grei måte.
| 18.07.2011: |
Eg tok ein operasjon i høgre kne forrige veke, så eg er ikkje så veldig mobil endå. Har trena ganske mykje triks og lydigheit siste dagane for å aktivisere hundane, men Eve krevar litt for tida, så eg fann ut at idag skulle dei få gå spor alle tre! Det enda opp med at Busy ikkje ville være med i bilen, så då reiste eg med hine to. La 2 spor først på oppsida av Storteigen. Først eit til Eve, og ho gjekk veldig bra. Støvsaug omtrent for godbitar, så det gjekk seint, men ho var nøyaktig og fann greit sporslutt. Så henta eg Kiwa, og det var ingen tvil om at ho visste kva ho skulle! Ho drog seg fram til sporstart, og gjekk så da kosta med stor motivasjon:-) Det var hennar første spor i år, så eg hadde vel ikkje forventa den reaksjonen, men det var skikkeleg kjekt:-) Ingenting å klage på, ho fann sporslutt m godbitskål utan problem. Sporet var kanskje 100 m, ville gjere det enkelt for å friske opp. Så la eg to nye; igjen Eve først, også dette gjekk bra. Ho har fått 3-4 spor før i sommar, og verkar til å like det; er nøye men går seint. Kiwa sitt siste gjekk også kjempebra; dette var nok heller ikkje særleg lengre enn 100 m. Eg er so glad; tenkjer at no må eg berre fortsettje å trena; det hadde vore så gøy å kunne ha meldt på prøve!
| 10.09.2010: |
Tok med Busy i skogen idag, for å prøve om det var enklare å gå der enn på grasmark. Eg parkerte bilen slik at ho såg eg gjekk, og viste ho matskåla med kylling. Ho bjeffa godt i bilen...hm... La eit spor på rundt 100 m vil eg tru, nede i skogen med fleire vinklar. Tok ho ut umiddelbart og ho klarte nesten å stikke avgårde før eg fekk selen på, så gira var ho! Så gjekk da so da kosta, heile sporet til endes:-D Ho mista nok nokre vinklar, men tok seg inn umiddelbart, og gjekk supert med låg nase heile vegen. Fann utan problem sporslutt med kyllingskål og pipedyr (som eg og viste ho før eg gjekk). No har ho i grunnen ikkje noko forhald til pipedyr, og sette nok størst pris på maten. Må jobbe fram dette i andre situasjoner, viss eg skal bruke da. Men skikkeleg kjekt:-)
Så la eg like godt endå eit spor. Tok ho i bilen, denne gong såg ho ikkje direkte at eg gjekk, men ho høyrde meg (og eg høyrde ho...). Gjekk i retning der eg hadde lagt det, og ho fann sjølv starten, og begynte godt. Men etter 10 m kom eg til ei grasslette, og der virra ho rundt, hadde høg nase, og var litt på bærtur..... Tok seg innatt etter ei stund, og gjekk også dette sporet nokolunde, men slett ikkje som det første. Hadde fleire plassar der ho rota og berre sto og såg seg rundt... Verka og som ho klarte å ta skålen ved sporslutt på overvær, men ho kom seg no dit. Er alt ialt kjempefornøyd; dette var mykje betre enn sist.
| 07.09.2010: |
La eit kyllingspor til Busy på innmarki idag. Det låg i vel ein time før eg tok ho ned for å gå da. Ho verker slett ikkje motivert, surrar rundt ein meter frå sporet, kjem seg innpå og finn ein og annen godbit.... Går mykje med høg nase, då får ho ikkje lov å gå, men likevel... Roter i første vinkelen, men går så veldig bra på eine langsida. Roter litt i neste vinkel, kjem seg innpå att, og går bra i 20 m. Så blir da berre rot på slutten, og ho (me) finn ikkje sporslutt m kyllingskål. Sidan ho likevel er heilt på vidda, tenkjer eg at da kanskje er like greitt, så eg berre avsluttar og tek av ho selen. Så kjenner ho plutseleg lukta på overvær og spring bort og et:-o Hm. Ho HAR gått betre enn dette, så me får berre prøve til att ein anna dag!