Planlagde kull

 

Smedhaugens Busy Babe vart d 15 januar 2012 para med Such Starbelle Tough Enough! Viss alt går som me håper kan det forventast kvelpar her rundt 18 mars!

 

Smedhaugens Busy Babe "Busy" 1 pr m CK på utstilling; 1 pr LP kl 1, starta i agility. HD A, fri på augene. Such Starbelle Tough Enough "Rasmus": HD A, fri på augene.

 

5. februar 2012:

Litt oppsummering av siste vekene! Som sagt fekk Busy løpetid to månader etter da eg forventa.... Reiste til Hyssna i Sverige 15 januar. Hadde då ikkje heilt bestemt meg for kva hanne eg skulle bruke - eg ville bruke tricolour, og hadde då to valgmoglegheiter. Sidan Busy ikkje er den enklaste tispa å pare, valde me å satse på Rasmus, som er ein erfaren gut! (Sonen Eric, som har blitt ein nyyydeleg hund, er ung, og hadde ikkje para nokon før, og då var da litt urettferdig å la han få første forsøk seg på ei litt sær dame på da området....) Rasmus vart forresten Svensk utstillingschampion helga før eg reiste nedover!! Han er 39 cm, HD-fri, fri på auga og har alle tenner. I tillegg har han eit fantastisk gemytt, er sosial og fin mentalt:-) Håper han kan gje nokon fine avkom i kombinasjon med Busy, som er ca 36 cm, HD-fri, fri på auga, og elles er ei trygg og uredd jente, som eeelsker å jobbe og gjer alt for ein godbit:-) Busy har opprykk til LP kl 2, er starta i agility og trenast og i spor.

Frå dag 1 etter paring, har Busy oppført seg annleis..... Dette skal jo ikkje være mogleg, men det er ikkje desto mindre eit faktum. Ho, som helst skal være raskast, best, flinkast og først i alt ho gjer, begynte å gå bakarst på tur, være rolegare, litt meir bedageleg, kunne gå bak dei andre og slikt. Så det verkar som ho er drektig, utifrå oppførsel.... men so tenkjer eg - sidan ho er so desidert annleis enn ho pleier, så er det naturleg å tenkje at ho ER drektig. Men kanskje ho då nettopp IKKJE er drektig?? Kanskje det no er min tur til å få ein tom tispe.... Vel - tida får vise! I morgon er det 3 veker sidan paring, og i løpet av eit par veker bør eg ha eit svar.... Dei gonger eg har hatt drektige tisper, har dei ofte verka litt småkvalme ved frukostserveringa ved rundt 3 veker (men ikkje alltid), så eg er spent på om da kjem t å skje... Eg pleier ikkje å ta ultralyd. Tykjar det er ein god del utgifter med da som er, og det vil jo før eller seinare vise seg om dei er drektige eller ikkje. Så eg har ikkje umiddelbart nokon planer om å gjere da no heller.

 

 

Busy

Rasmus

                                                      Busy                                                                                                                                                           Rasmus

 

                                                       Busy                                                                                                                                                               Rasmus

                                                                    Busy                                                                                                                                                          Rasmus
 

 

8. januar 2012:

Så har endeleg Busy fått løpetid! Reknar med at eg reiser til Sverige til Lotta Jidegren rundt helgi. Valget står mellom to tricolour hanner ho har; kjem nok ikkje til å bestemme meg heilt, før eg er der og kan sjå dei og diskutere litt med ho:-))

hausten 2011:

Har bestemt å forsøke med endå eit kull på Smedhaugens Busy Babe. Hadde forventa løpetid i november, men den gong ei! No er også desember snart over, og endå er det ingen teikn på løpetid..... Hadde spart opp nokre feriedager, som eg tenkte å ta i forbindelse med paringa, men dei må eg bruke no i romjula:-0 Må innrømme at eg er litt misunneleg på dei som har tisper med heilt regelmessige interval mellom løpetidene - det har då ikkje eg...... Imidlertid har eg fått augelyst, heldigvis igjen utan anmerkningar, så då er i grunnen alt klart. Har ikkje heilt bestemt hanne, men det blir ein tricolour, og det vil dermed berre bli tricolour kvelpar.