Om oss


Me bur i Fortun, ei lita utkantbygd i Indre Sogn. Familien består av mamma Mona; kjem opprinneleg frå Danmark, men har bodd her i 20 år. Eg har ein 85 stilling som reinhaldar på Skjolden skule, jobber litt tilkalling på bibliotek og i eit vaskeri. Køyrer også skuleskyssen i dalen her. Så er det ongane: Karoline på 17, Lasse på 16, Emma på 13, Malene på 11 år og Jakob som er 10.

Me har no to sheltier, Kiwa (Rettholtens Cantilly Bluegirl) som er ei blue merle tispe på 6 år, samt Busy (Smedhaugens Busy Babe) - ei tricolour tispe på 2 år som er frå vårt B-kull. Så har me ein engelsk springer spaniel kvelp, Desperados Zelda, som i skrivande stund er 3 mnd. Tre kattar har me og - Kissi,  Kiara og Lille Mis, hestane Vesle Rei, Rikka og Smula, samt ein flokk med høner. Her er ein utruleg vakker natur, som me brukar aktivt. Daglege, lange gåture i områdene rundt oss er fast på timeplanen, til fots frå vår til haust og gjerne på ski om vinteren. I tillegg vert hundane trena i lydighet og litt agility, søksoppgåver og spor som aktivisering, samt utstillingstrening. Det er vårt mål å ha ivrige og glade arbeids- og familiehundar, og det er viktigt for oss at dei får leve eit godt og aktivt liv.

Kvelpane våre veks opp inne i huset og blir prega masse på menneske. Aldri er folk så velkomne her, som når kvelpane begynner å bli sosiale.... Då vil me gjerne ha besøk av både barn og vaksne, som kan helse på dei søte små. Kvelpekjøpare er også hjerteleg velkomne til å komme forbi og helse på, gjerne fleire gongar undervegs, dersom avstanden tillet dette. Når kvelpen reiser til sin nye heim, seier me ikkje "ha det" - men på gjensyn:-) Me vil sette stor pris på å få fortsette å fylgje med på livene til vår(e) hund(er)s avkom, og det er kjekt om me kan halde kontakten, og kanskje treffast iblandt.

I dei vekene kvelpane er hjå oss er dei familiens naturlege midtpunkt. Sosialiseringsfasen, som er frå 3-12 veker, er ein svært viktig periode i kvelpens liv. Siden kvelpen ein god del av denne tiden er hjå oppdrettar, er det viktig å vite litt om kva slags erfaringer den vil møte der. Me vil heila tid forsøke å forberede kvelpen på ein del av dei ting, som den kjem til å møte i sitt vidare liv. Siden kvelpane er rundt oss så mykje, vil den ha vore med oss i alt det daglege arbeidet, slik som støvsuging, fylle oppvaskmaskina, sjå tv og slike ting. Me tek den opp på trimmebordet og introduserer pelsstell med ein mjuk børste, sjekker tenner, øyre mm. Den får prøve å ha på halsband, og får kanskje ein liten tur i band. Siden folk gjerne kjem langt for å hente kvelpen, tykjer me det er viktig, at kvelpen får prøvd seg på små bilture ilag med mamman sin, før den blir henta. Då blir ikkje det så skremmande ein erfaring. Frå kvelpen er ca fem veker vil det bli daglege ture ut, såsandt veret tillet det. Når dei blir litt større er det også anledning å la dei helse på både kyr og sau, hest og høner, dersom me finner på det.

Ellers blir kvelpane levert ID-merka og med helseattest. Dei blir, såvidt mogleg, levert augnelyste (det betyr at me må ta kvelpane med på ein tur til Bergen eller Lillehammer for å få dette gjort. Det er ein tur på ca 4 timer kvar veg....! Derfor kan det nokre gongar være aktuelt å la kvelpekjøpar ta denne jobben sjølv, mot ein reduksjon i prisen - det kan være fornuftig, viss det er få kvelpar i eit kull, og kvelpekjøpar bur nærmare til. Dette vil då sjølvsagt bli avtalt på forhånd). Kvelpane blir også registrert i NKK, og stamtavle vil bli ettersendt, så snart som mogleg.

 
 


Hanefar med nokre av hønene sine.