No var det heilt klart på tide at eg fekk skreve på denne sida! Eg får skylde på at mamma ikkje har lært/vist meg korleis eg skal gjere det før no!;) Eg har dao - som nokon kanskje veit- begynt på Luster Ungdomsskule i Gaupne. Eg har litt delte meiningar om skulen: Eg tykkjer at det er kjekt å bli kjent med nye folk og få nye lærarar, men eg synes òg det er seigt med den lange skulevegen! Denne veka har me om psykisk helse på skulen, psykisk helse handlar om tankane og følelsane me har.
Det har vore ein kjekk dag på skulen, og det er ikkje akkurat negativt at me har lite lekser denne veka heller!:) Utanom skulen rekker eg ikkje å gjere så mykje anna enn lekser i kvardagen, men etter leksene set eg meg som regel ned framfor data`n og oppdaterer meg på bloggar og speler litt;) Det var alt for denne gong;P