Lp
Her skal eg legge inn resultat frå lydighetsstemnar, bildar, og kanskje litt treningsstoff etterkvart.
| 25. juli 2011: |
Av forskjellege grunner har det vore stille og veldig lite trening på LP-fronten sidan Ølen i 2010. Men sidan vår lokale hundeklubb skulle ha klubbmesterskap i LP 14 juli, MÅTTE me jo berre få gang i treninga! Sidan Emma har overteke Busy i agilityen, og dette fungerer kjempebra, så er da like greit at ho og tek seg av lydigheita. Så me valgte å melde Emma og Busy på i kl 1, og eg og Kiwa i kl 2. No har det jo kommt nye reglar i begge klassane, etter at eg konkurrerte sist, og det betydde at begge hundane no fekk øvelsar som ikkje var med sist. For Busy sin del betydde det at fri ved foten no var vekke, stå under marsj var litt annleis, og i tillegg var det no "kontroll over hunden på avstand" med i kl 1. Den har eg trent ho på, og rekna med at det skulle gå greit. For Kiwa var det nye no at det var fremadsending til ruta, i staden for ut til kjegla, og det kan ho definitivt ikkje.... Ho manglar nok eit bilde av dei 4 kjeglane... ho går ut i ruta m musematte, men når eg fjerner den skjønner ho ingenting. Reknar med at ho rett og slett ikkje greier å sjå samanhengen mellom kjeglene og det ho gjer - for ho er det musematta som gjeld, og når den er vekke - kva då? Min tanke var å gjere ruta mindre, og såleis gje ho eit tydelegare bilde av kjeglane. Men eg rakk slett ikkje å gjere dette ferdig til konkurransen...
Emma og Busy starta først. Fullførte eit flott program, med flott poengsummar. Busy var skikkeleg på nett under - og mellom - øvelsane, og det var kjempegøy å sjå på:-D Dei fekk 177 poeng, og enda opp med å bli klubbmester nr 3, og nr 2 i klassen!! Skikkeleg bra:-D Her er bilde av dei tre beste: klubbmester Eva Røneid og Frøya, nr 2: Inger Handegård og Xmilla, og nr 3: Emma og Busy:-))
|
|
|
Dei 3 beste i klubbmesterskapet for Luster Hundeklubb i 2011! |
Eg og Kiwa fekk 2 nullar: i fellesdekk, som eg ikkje har trena i 1.5 år, og som ho ikkje er trygg på, samt i ut til ruta, som ho jo heller ikkje kan. Det var ikkje alt som var like vakkert, men ho var "med" heile tida, og det at eg var nyoperert i eit kne, og dermed halta, gjorde nok sitt til at heile situasjonen vart noko annleis. Me vart totalt nr 8, og nr 3 av 3 i klassen (trur eg). Alt ialt ein triveleg dag!

Bilde frå vår knall-helg i Ølen 13. februar 2010:-)
Bestemde meg før jul at eg ville reise til Ølen og gå lydigheit der med både Kiwa og Busy. Eigentleg skulle me ha gått innandørs, men pga stor påmelding til utstillinga vart me flytte ut. Det var -16 grader når kl 1 starta, men me fekk teppe til fellesdekken, og hadde kjempefine forhold. Kjempetriveleg dommar var Svein Georg Rønning. Gjekk først med Busy i kl 1, og ho gjorde ein jobb som eg er veldig fornøgd med. Var ganske på nett heile tida, og sjølv om ho legg seg litt langt framme, og har litt skeive innsitter, fungerte ho supert heile vegen. Me enda opp med 179 poeng, opprykk til kl 2, og vart nr 2 av 6:-)
|
|
| Øvelse | Poeng | Koeffisient | Poeng |
| Tannvisning | 10 | 1 | 10 |
| Fellesdekk | 10 | 3 | 30 |
| Lineføring | 8 | 2 | 16 |
| Fri ved foten | 8.5 | 4 | 34 |
| Dekk frå holdt | 9 | 2 | 18 |
| Innkalling | 8.5 | 2 | 17 |
| Stå under marsj | 9.5 | 3 | 28.5 |
| Fritt hopp over hinder | 8 | 2 | 16 |
| Heilhetsinntrykk | 9.5 | 1 | 9.5 |
| Total poengsum 179 |
Etterpå starta eg og Kiwa i kl 2. I forkant av prøven streva me ein del med forskjellege ting, allermest med sitt og bli, som ho plutseleg ikkje lenger kunne..... Apporteringa er heller ikkje hennar sterkaste øving, for ikkje å snakke om kor vanskeleg det var å få ho langt nok fram i hoppet.... Så eg var nok ikkje so veldig optimist, men hadde eit lite håp om ein 2 premie, som eg trengde for å få endeleg godkjent instruktørutdanninga mi. Stor var difor overraskinga, når me faktisk fekk opprykk til kl 3 og vann klassen!

| Øvelse | Poeng | Koeffisient | Poeng |
| Fellesdekk 3 min m skjult fører | 10 | 3 | 30 |
| Fri ved foten | 8.5 | 3 | 25.5 |
| Dekk under marsj | 8 | 1 | 8 |
| Innkalling fra sitt med stå | 7.5 | 3 | 22.5 |
| Stå under marsj | 8 | 2 | 16 |
| Apportering | 6.5 | 2 | 13 |
| Fritt hopp over hinder med sitt | 9 | 2 | 18 |
| Fremadsending med stå og på plass | 7 | 1 | 7 |
| Kontroll over hunden på avstand | 7 | 2 | 14 |
| Heilhetsinntrykk | 8.5 | 1 | 8.5 |
| Total poengsum 162.5 |
I august prøver me oss på nytt i kl 2 for dommar Arild Eriksen på Voss. Denne dag blir ikkje noko kjekk. Kiwa er redd og usikker, ser ut som om eg har gitt ho juling før eg gjekk i ringen.... Spesielt er bandet rundt ringen livsfarleg, og ho er veldig påverka av dette. Eg forklarer situasjonen til dommaren, og seier at eg trekker meg om det blir for ille. Han viser stor forståelse for dette, og tykjar me bør prøve å gjennomføre, og da gjer me på eit vis. Men da vert ingen premiering denne gong.
| Øvelse | Poeng | Koeffisient | Poeng |
| Fellesdekk 3 min m skjult fører | 8 | 3 | 24 |
| Fri ved foten | 8.5 | 3 | 25.5 |
| Dekk under marsj | 9 | 1 | 9 |
| Innkalling fra sitt med stå | 0 | 3 | 0 |
| Stå under marsj | 6 | 2 | 12 |
| Apportering | 5 | 2 | 10 |
| Fritt hopp over hinder med sitt | 0 | 2 | 0 |
| Fremadsending med stå og på plass | 0 | 1 | 0 |
| Kontroll over hunden på avstand | 5 | 2 | 10 |
| Heilhetsinntrykk | 6 | 1 | 6 |
| Total poengsum 96.5 |
Eg og Kiwa debuterer i kl 2 i Naustdal 26.04.2009. Dommar Aud Liv Nes Eide. 3 nuller idag og dermed ein 3 pr. Men sidan ingen andre gjer det betre enn oss, vinner me klassen!

| Øvelse | Poeng | Koeffisient | Poeng |
| Fellesdekk 3 min m skjult fører | 10 | 3 | 30 |
| Fri ved foten | 8 | 3 | 24 |
| Dekk under marsj | 8.5 | 1 | 8.5 |
| Innkalling fra sitt med stå | 0 | 3 | 0 |
| Stå under marsj | 7 | 2 | 14 |
| Apportering | 6 | 2 | 12 |
| Fritt hopp over hinder med sitt | 0 | 2 | 0 |
| Fremadsending med stå og på plass | 0 | 1 | 0 |
| Kontroll over hunden på avstand | 7.5 | 2 | 15 |
| Heilhetsinntrykk | 7 | 1 | 7 |
| Total poengsum 110.5 |
Busy debuterer i lydighetsringen i Førde 26. april 2009.

| Øvelse | Poeng | Koeffisient | Poeng |
| Tannvisning | 10 | 1 | 10 |
| Fellesdekk | 0 | 3 | 0 |
| Lineføring | 8.5 | 2 | 17 |
| Fri ved foten | 8.5 | 4 | 34 |
| Dekk frå holdt | 7.5 | 2 | 15 |
| Innkalling | 6 | 2 | 12 |
| Stå under marsj | 0 | 3 | 0 |
| Fritt hopp over hinder | 7 | 2 | 14 |
| Heilhetsinntrykk | 7.5 | 1 | 7.5 |
| Total poengsum 109.5 |
Eg og Kiwa går lydighet for dommar Marianne Mowè i Sogndal 223.08.2008 og får vårt etterlengta opprykk til kl 2:-)

| Øvelse | Poeng | Koeffisient | Poeng |
| Tannvisning | 10 | 1 | 10 |
| Fellesdekk | 10 | 3 | 30 |
| Lineføring | 8.5 | 2 | 17 |
| Fri ved foten | 7 | 4 | 28 |
| Dekk frå holdt | 8 | 2 | 16 |
| Innkalling | 9.5 | 2 | 19 |
| Stå under marsj | 8 | 3 | 24 |
| Fritt hopp over hinder | 7 | 2 | 14 |
| Heilhetsinntrykk | 8 | 1 | 8 |
| Total poengsum 166 |
Eg og Kiwa prøver oss på kl 1 i Hundorp for dommar Arild Berntsen. Det pissregner, men eg er fornøyd med resultatet likevel:-) Dei to øvelsane me fekk 0 i KAN ho ikkje, så det var som forventa! 3 premie idag.
| Øvelse | Poeng | Koeffisient | Poeng |
| Tannvisning | 10 | 1 | 10 |
| Fellesdekk | 0 | 3 | 0 |
| Lineføring | 7 | 2 | 14 |
| Fri ved foten | 6 | 4 | 24 |
| Dekk frå holdt | 9 | 2 | 18 |
| Innkalling | 8.5 | 2 | 17 |
| Stå under marsj | 0 | 3 | 0 |
| Fritt hopp over hinder | 7 | 2 | 14 |
| Heilhetsinntrykk | 7 | 1 | 7 |
| Total poengsum 104 |
Mona og Kiwa tok appellmerke 10.02.07 med totalt 138 av 150 poeng.
| Øvelse | Poeng | Koeffisient | Total poengsum |
| Tannvisning | 10 | 1 | 10 |
| Lineføring | 9 | 2 | 18 |
| Fri ved foten | 8 | 4 | 32 |
| Dekk frå holdt | 8,5 | 2 | 17 |
| Innkalling | 10 | 1 | 10 |
| Stå under marsj | 7 | 3 | 21 |
| Enkeltdekk 2 min. | 5 | 4 | 20 |
| Heilheitsintrykk | 10 | 1 | 10 |