Hestane

Oppdatert 28. desember 2009

 

 

Karoline og Vesle Rei og Emma og Rikka på romjulstur i snøen:-)
 

 

På denne sida blir det litt informasjon om hestane og oss tre hestegalne jentene som bur her, kva me driv med og så vidare... fyrst ein kort presentasjon av ryttarane/kuskane:

Karoline Er 17 år og er dette året utvekslingsstudent i Guilderland, som ligg i New York i USA. Har forsøkt å drive litt med hest herborte og. Familien min har 3 hester sjølv, og dei kan eg ri når eg vil. Dei blir stort sett brukt til turridning. Ellers prøver eg å få litt undervisning her og, så ikkje alt går i gløymeboki, men det har vore vanskeleg å få til. Har alltid likt hest og fekk min fyrste i februar 2006. Har vore på rideleir på Skogshorn to gonger, og ifjor sommar var eg, Emma og Malene på Lefdal - anbefalast! Elles har eg ridd ein del dressur og sprang hjå Jeanett Skophamar i Solvorn. Der rir eg stortsett ein 8 år gamal dølahest som heiter Mickey Boy. Han kan vera temmaleg stri iblant... men er stort sett grei. Går opp til LB dressur og 80 cm sprang. Har ein draum om å bli profesjonell sprang- og dressur-ryttar ein gong..., men foreløbig driv eg på hobby-nivå :)

Er òg veldig interessert i hund, og det er alltid eg som er handler når me er på utstilling. Har stilt Kiwa 9 gonger, og Busy 1 gong.  Elles så har eg stilt Vezla, - som er ei av springerane til Inger, ein gong. Skal òg muligens stille Ayla som er eine new-founland hunden til Jeanett av og til. Har i tillegg dømt engelsk setter uoffisielt.

    
Karoline og Mickey Boy <3<3 Karoline, Troll og Smula <3 Karoline og Vesle Rei <3<3

 

Emma Er 13 år og går i 8 klasse på Luster ungdomsskule som ligg i Gaupne. Eg elskar å ri, og driva på med hest. Er veldig glad i å få undervisning av storesyster, - sjølv om ho er litt pirkete av og til.. Har vore på både Skogshorn og Lefdal på rideleir ilag med Karoline, og tykte at det var kjempemoro!! Sommaren 2009 var eg på Peer Gynt rideleir og det var kjempe moro!! Har ridd mykje på Smulan og Rikka. Eg likar elles å vera med i fjøsen, og driva med hundane. Har vore med på "Barn og Hund" (uoff.) ein gong med Kiwa, og fekk premie der. Har òg stilt Busy på utstilling i Ølen, der eg fekk 1.premie og 2.plass. Eg går på handball to gonger i veka, og syntest at det er veldig kjekt. Ellers likar eg å lesa bøker, har snart 300.... Favoritt-serien er Fullblod og så er eg heilfrelst på bøkene av Stephenie Meyer - dei heiter "Evighetens kyss" (er og filmatisert og filmen var drit-bra!!), "Under en ny måne",  "Formørkelsen" og "Ved Daggry".

Emma og Smula <3<3 Emma og yndlingsponnien Rikka, dei både travar og galopperar utan sal!!

Emma og Rikka som rir litt sprang :)

 

Malene Er 12 år og yngstejenta på garden, går i 7 klasse på Skjolden skule. Eg elskar å ri, køyra og stella med hest. Likar òg å få undervisning av Karoline. Var på Lefdal rideleir med Emma og Karoline ifjor sommar.  Driv mest på med Smulan, som er mest min ponni, men har òg ridd litt på Vesle Rei. Likar veldig godt sprang, men tykkjer dressur er litt kjedeleg. Tykkjer ikkje at det er så kjekt å arbeida for nokon utan å få lønn for det, då vil eg heller sitja i godstolen å lesa ei av dei 100 bøkene mine.  Ellers likar eg å hoppe tau, drive med rocke-ring og hoppe strikk. Likar sjølvsagt òg å driva med hund.

 

 
Malene er ganske modig, og torer å ri Vesle Rei heilt åleine barbak!! Malene og Smula <3<3  

 

Hestane me har no:

 

Smulan                                                                                                          13 år gamal svensk sportsponni. Godt innridd og innkøyrd. Blir brukt mest som rideponni av oss, men me har nyleg kjøpt sele, så no skal me til å køyra med ho!!

Sto på rideskule før me kjøpte ho, der blei ho brukt mykje i sprang. Me har berre hoppa 20/30 cm med ho (70cm utan ryttar), men ho har gått hinder på 1m før. Kjempegrei på alle måtar, men kan bukka litt i blant, viss ho blir lei eller ikkje vil akkurat det ryttaren vil. Er elles supertrygg i alle situasjonar. Ikkje redd for nokon ting!

Det som er litt spesielt med ho, er at ho omtrent aldri galopperar med ryttar. Ho travar kjempefort, men slår ikkje over, sjølv om hesten framfor galopperar. Dette er noko me jobbar eindel med då, så me håpar at ho kjem seg etter kvart. Kanskje ho har vorten brukt som travhest før?? Ingen veit, men det kan nesten sjå slik ut.

Smula blei dessverre forfangen tidleg i sommar og er difor i dårleg form no, men heldigvis har ho komme seg mykje, så me har begynt å bruka ho litt att. Forhåpentlegvis så blir ho 100% frisk att.

 

Vesle Rei                                                                          Kjempegrei, liten fjordingvallak som me kjøpte frå Gunnerud Gård og Hestesenter i byrjinga av august. Eldste hesten på garden med sine 23 år, men han verkar ikkje så gamal av oppførsel. Er fortsatt nok fart i han, men han er samtidig ein hest som alle kan ri (til og med mamma har ridd han!), for han er så veldressert og roleg av seg. Han er heilt herleg å ri barrbak på, sidan du kan slappe heilt av når du rir han.

Har masse fine plasseringar i LB dressur frå ungdommen. Har vore mykje rundt og konkurrert og har blant anna vore med på NM, men det er nok dessverre kunster som har gått litt i gløymeboka etter kvart... Har òg gått opp til 80cm sprang, men har ein tendens til å nesten stoppa opp rett før hinderet, så det hender at ryttaren hoppar fyrst eller evt. ligg att.. Er dessverre ingen køyreponni pga ei uheldig oppleving med vogn som unghest.

Rikka                                                                                                Yndlingshesten til Emma :) Kjøpte ho òg frå Gunnerud, samtidig som me kjøpte Vesle Rei. Dei to har stått saman i "alle år", så er gode kompisar, sjølv om han ertar ho litt av og til. Ho er òg ei gamal dama med sine 21 år, men merkar ingenting til alderen. Ho elskar å bli brukt å går på som berre det!

Rikka har blitt brukt litt i dressur og mykje i sprang (opp til 80/90cm), og hoppar fortsatt kjempebra!! Er ei dama med eigne meiningar, men går vanlegvis fint viss ryttaren er bestemd. Ho er enkel å få ut på tur, men det er ikkje alltid at ho vil heimatt...., så då kan det hende at ryttaren må ha litt assistanse. Ein må òg passa på å holda ho godt når ein stig av att, elles kan ho prøva å stikka avgårde igjen!!

 

Tidlegare hestar:

Svingens Rino                                                                                      Fjording-vallak, - fyrste hesten til Karoline:) Kjøpte han når han var tre og eit halvt år, og hadde han til han var litt over fem. Ekstremt snill hest, men kunne vera ganske vanskeleg å ri av og til.... Han bukka "litt" blant anna, så me selde han før Karoline måtte flytta på hybel, sidan ingen andre enn ho klarde å ri han. Saknar han, men han har det bra på stall Haugan  (www.stallhaugan.no) der han står no, så det er no kjempekjekt :)

 

Misty                                                                                                    Kjempesneddi hoppa som me hadde i ein månad. Kjøpte ho drektig når ho var fem år, men ho var så vanskeleg å ri og handtera at me leverte ho fort tilbake.

Kleopatra                                                                        

Fem år gamal dølahoppa som eg hadde på fòr ei lita stund før eg kjøpte Svingens Rino. Fekk ikkje ridd ho fordi noko av utstyret hennar rauk rett før me fekk ho, men fekk no prøva meg på handtering og stell av hest elles :)