Sist oppdatert 24. juli 2010

 

Kiwa er no para med Leeland Quarterback. Om alt går slik me håper på, kjem her kvelpar rundt 7 september! Meir om dette kjem etterkvart under planlagte kull og kvelpar.

 

Leeland Quarterback - Trico

 

Rettholten Cantilly Bluegirl - Kiwa

 

 

 

Starta dagen igår med flott tur til Dulsete fremst i Mørkridsdalen. Knallblå himmel, berre 2.5 grader når me reiste, men derframme var det solskinn og varmt. Me kosa oss alle tre, for denne veke har eg jobba ganske mykje, og hundane har vorte litt forsømte:-(

 

 

Busy på Dulsete, 27 mai. 2010.

 

 

 

Me var på utstilling i Naustdal i helgi. Emma stilte Busy for dommar Zorica Salijevic med fylgjande kritikk: Bra utvikling og presentasjon. Bra proporsjoner i hovud. Sterk nakke. Ok over- og underlinje. Gode vinklar. Bra pigment og pelskvalitet. Bra temperament. Ho fekk 1 pr og vart nr 2 i klassen.

 

 

Emma og Busy i aksjon.

 

 

 

 

 

Zelda 1 år gamal. Her er kritikken ho fekk i Ølen, der ho fekk 1 pr med CK og vart 5 beste tispe: Vakker helhet. 1 år gammel. Utmerket rasetype. Saksebitt. Godt ansatte ører. Ren hals og skulder. Ordentlig hard bakpart. Beveger seg OK, holder en god rygglinje. Anelse trang bak.

 

 

 

Emma stiller Busy i Ølen, det er hennar debut som handler, og ho gjer det kjempebra:-) . Busy fekk 1 pr og vart nr 2 av 5 i  open klasse, med fylgjande kritikk: Middelstor. Gjerne sterkere stamme. Gode proporsjoner. Tilstrekkelig vinklet bak, noe åpen framme. Hodeformat ok. Vakre øyne. Bra, dobbel pels, men ei i sitt beste. Viser seg vel.

 

 

Fotograf Inger Handegård

 

Så gjekk det bra likevel! Hadde ein fantastisk tur til Ølen, og klarte noko som eg knapt nok har drøymt om - nemleg 1 premie og opprykk med både Kiwa og Busy, på ein og same dag:-) Lydigheten gjekk om laurdagen, på eit uteområde i 16 kuldegrader. Busy gjorde ein kjempebra jobb og me fekk 179 poeng, og dermed opprykk til kl 2. Me vart nr 2 av 6. Kiwa gjennomførte også ein konkurranse som eg er kjempefornøyd med. Me har ting me slit med, så ein del såg nok - og var - noko uryddig ut. Men me fekk godkjente karakterar i alle øvingar, og med 162.5 poeng heldt da akkurat til opprykk til kl 3:-) Ho var einaste med 1 premie i klassen, og vart best av 3. Dermed er instruktørutdanninga mi også i boks:-)

Søndag var det utstilling, og her gjekk da og veldig bra. Zelda fekk 1 pr m CK, og vart 5 beste tispe:-) Busy fekk ein rein 1 pr, og gjekk kjempefint for Emma, som for første gong skulle prøve seg som handlar. Trur nok det gav meirsmak:-) Kiwa enda opp med ein 2 pr; ikkje uventa, for ho likte seg slett ikkje i ringen, og viste seg på langt nær frå sin beste side. Bildar kjem!

 

 

 

Godjentene med pokaler og sløyfer:-)

 

 

 

 

Dette vart mitt desember-bidrag til ein fotokonkurranse eg deltek i:  Busy til hest!

 

 

 

Kiwa og Busy er på måneskinnstur. Her er -17 grader, fullmåne og utruleg vakkert med snøen som blinkar. Håpa å klare å ta bildar utan blits, men da var FOR optimistisk.... Tykte likevel dette bildet vart litt morsomt!

 

 

Julebukkar frå Nørstedalen med hundane sine;-)

 

 

 

Fekk kjempekoseleg bilde frå CarmenCita til jul:-) Ho er blitt stor jente - snart 2 år gamal og kjempesøt!! Her er ho med tauknuta som er favorittleika hennar. Ellers driv Cita og matmor Frøydis og trenar agility, og storkoser seg med dette. Me gler oss til å høyre resultater når de er startklare;-) Lukke til!

 

Helga 14-15 november reiste eg ilag med to andre familiar til Kongsberg på utstilling. Skulle stille alle tre hundar, Kiwa og Busy laurdag og Zelda søndag. Sidan eg var nyoperert og ganske lite mobil, måtte eg få andre til å handle hundane mine. Og da skulle vise seg å bli svært så vellukka, så eg håper damene stiller opp fleire gongar;-)

 

 

Sheltiene stilte laurdag for dommar Andrew Beare. Busy fekk 1 pr med CK og vart tredje beste tispe i open klasse med følgjande kritikk: Svart med tan maske og kvite markeringar. Godt hode og uttrykk, saksebitt. God front. God overlinje. God steglengde og godt driv. Ikkje i full pels endå.

 

 

Kiwa fekk 1 pr med følgjande kritikk: Blue merle. Godt hode og uttrykk. Bærer ørene fint. Saksebitt. Godt tilbakelagt skulder. Fin overlinje. Velvinkla. Litt glad hale. Velpresentert. Sterke musklar, all ære til den som mosjonerer henne! Godt, reint driv. Ikkje rart at Laila og Inger ser fornøyde ut! Dei gjorde ein kjempejobb, og eg må berre takke og bukke for strålande innsats:-)

 

 

Zelda skulle i ringen søndag for dommar Rita Reyniers. Det var totalt 8 springerkvelpar denne dagen. Zelda vart først best av tispene på 6-9 mnd, så vart ho beste tispe totalt, og til slutt vart ho like godt BIR:-) Dermed skulle ho og i gruppefinalene, men der vart ho ikkje plassert. Ho fekk følgjande kritikk: 9 mnd. Velproporsjonert tispe, korrekt bitt. Fint forbryst, godt front for alderen, god overlinje og halefeste. Velvinkla bak, gode bein. Beveger seg allerede stødigt og harmonisk. Glad hale.

 
 
 
 

 

Eg og Busy har vore på agility-kurs:-) Det var veldig moro, og absolut noko Busy hadde sans for. Det ser ut til at me no kan få igang eit lite treningsmiljø innan agility i klubben vår, så no er me berre nøydd å satse!

 

 

Belønninga for å springe gjennom tunellen (som i byrjinga var litt ekkel) var ein ball.

 

 

 

25 august 09: Zelda har byrja sin karriere som sporhund:-) Ho har idag gått sitt spor nr 5 og 6, og ho har no tydeleg fått sansen for dette nye oppdraget. Ho hadde skikkeleg drag framover, og farten var nok vel høg, for ho hadde problem i fleire vinklar, men tok seg fort inn igjen. Her er det både eg og ho som må lære, for dette er noko eg har lite erfaring med. Men moro er det, for oss begge:-) Kiwa og Busy fekk og kvar sitt spor, og gjekk egentleg veldig bra begge to, kom fint til sporslutt, og hadde lyst å fortsettja. Dette er jo kjempefin aktivisering og gjer hundane mentalt slitne, og det kjem godt med når ein har ein aktiv unghund i hus!! 

 

Zelda har no blitt 4.5 mnd gamal, og er ei stor jente:-) Tykjer nett me har henta ho, og no er ho jo diger....... Rundt 15 kg og dermed 3 gonger så tung som sheltiene, og endå veks ho!! Matlysta er STOR, så det er ikkje noko problem å få i ho nok, nei! Tannfellinga er i full gong, og idag fòr siste hjørnetanna. Bittet ser greit ut og. Her er ho fotografert på fjellet ved Skåbu, der eg og ho hadde oss ein tur og leverte Emma på rideleir. Ho fekk og helsa på broren Zultan i Heidal, men han fekk ikkje eg bilde av....
 
 

 

Me har vore på hyttetur i Nørstedalen, og der må me over denne hengebrua for å komme oss bort til hytta. Me kunne greit nok klare å komme oss over elvi uten å gå brui, men dette er ein plass der me kjem til å være med jamne mellomrom, så eg bestemte meg for at dette skulle bli dagens prosjekt: å få Zelda til å gå over frivilleg! Brua er smal, veldig vinglete og ein ser rett ned i vatnet, så mange hunder tykjer det er SKUMMELT. Når me kom fram om kvelden var alle slitne, så då bar eg Zelda over, for ho nekta plent å prøve. Men idag gjekk da kjempefint:-) Kiwa og Busy går over, så når både menneskene og hundekompisane forsvant over brui, tok det ikkje lang tid før ho bestemte seg for å prøve. Det vanka sjølvsagt masse skryt og godbiter, og før dagen var omme hadde ho gått den mange gonger:-) Ellers kosa ho seg i fjellet, oppførte seg meget eksemplarisk og held seg heile tida i nærleiken av oss:-)

 

 

Kattongane har no blitt 5 veker gamle, og dei har sakte men sikkert blitt vande med Zelda og. Det har krevd (og krev fortsatt) ein god porsjon tålmodigheit å få det til, for det er ikkje enkelt å få ein 4 mnd gamal kvelp på 15 kg til å skjønne at ho må ta det litt forsiktig med ein liten kattonge på ein halvkilo...... Og ho tykjer dei er kjempeinteressante, og vil gjerne hoppe rett oppå dei med labbane sine! Det ser faktisk av og til ut som ho tenkjer MAT når ho ser dei...... Men det går som regel bra. Og kattene har fått eit friområde, der dei kan få fred frå hundane, viss dei vil. Men der er dei ikkje so ofte.....

 

 

4 nye bebuare er født på Kennel Smedhaugen:-)

 

Kiwa berre ELSKER dei små nøstene, og er heilt klar på at ho godt kan ta over ansvaret for dei.... Og når eg dusja idag tidleg, og Lille Mis låg på golvet utafor sengi deirast, la Kiwa seg forsiktig ned til dei. Ho sleiker dei og ordnar opp m alt; no er det berre mjølk i juret som manglar! Så det overrasker meg ikkje om desse små kjem til å bjeffe, i staden for å seie mjau, når dei vert større.....

 

 

Så har familien blitt utvida med endå 4 medlammar! Lille Mis fekk idag 4 flotte, kjempesøte små! Kiwa og Busy har stått utafor badedøra og vore veldig ivrige på å sleppe inn og sjå kva som sto bak pipelydane frå badet, så eg tenkte dei fekk sleppe inn og nett få sjå. Begge var litt forsiktig borte og snusa, og eg var klar til å gripe inn viss Lille Mis vart sint. Skarpe katteklør er ikkje å spøkje med!! Men katta låg heilt roleg i kassa si, og lot hundane snuse. Og Kiwa gjekk straks inn i rolla som reserve-mor, og begynte å sleike kattongane på magen, så dei fekk tissa!! Og så tok ho like godt å å vaska kattemor bak og! Busy var og veldig fasinert av dei små, men litt meir forsiktig. Kiwa måtte eg omtrent hale ut av rommet etterpå, og no ligg ho pal utafor døra og piper....... Zelda har reist på ein liten ferie til mamma Vesla og Inger, så ho får vente med å helsa på til ho kjem att til oss på fredag:-)

 

03.05.09

Så har familien blitt utvida med endå eit firbeint medlem:-) Igår henta me heim Desperados Zelda, som er ei 9 veker gamal tispe av rasen engelsk springer spaniel. Det er jo ein fullstendig annen type hund enn dei to sheltiene me har frå før, så det blir spennande å sjå om me får hundane til å trivast ilag! Må nok innrømme at det var litt sånn på impuls-handling at ho kom til oss...... Men tanken på å prøve seg på denne rasen har nok vorte diskutert opptil fleire gonger dei siste åra, for det er min gode veninne Inger som driv kennel Desperado, og i tillegg er min faste treningspartner og veileder. Og når ho no sto med denne utruleg søte hunden, som ho hadde lyst å behalde, men ikkje hadde kapasitet til å ta seg av sjølv....... ja då vart valget teke at ho skulle komme til oss:-) Målet er å forsøke seg både på utstilling, lydighet og spor. Og så skal eg sjølvsagt fortsettja treninga av Kiwa og Busy, så med andre ord vert det mykje hund på dagsordenen også framover!

 

Her er Jakob, Malene og Emma med meg ut og hentar Zelda:-)

 

Hodebilde av vesle, skjønne Zelda! Her 9 veker gamal.

 

 

Ståbilde av Zelda.

 

Så har eg gått lydighet med Kiwa og Busy i Førde!! Bestemte meg for å melda på for vel ein månad sidan. Målet for 2009 er nemleg ein 1 pr i kl 1 med Busy og minst ein 2 pr i kl 2 med Kiwa (gjerne 1 pr sjølvsagt, men med ein 2 pr har eg instruktørbiten i boks, og da hadde vore godt! Men, men - heil klaff vart det ikkje denne gong. Fekk ein 3 premie med begge to, så her er det berre å fortsettja å trene:-) Og så er det vel typisk at det ein trur ein kan - det går dårleg, og det ein er sikker på ikkje går - går plutseleg likevel??

Eg og Kiwa vant klassen. Det høres jo flott ut, men då har eg ikkje sagt noko om kor mange som deltok, og eg har heller ikkje sagt noko om kor mange poeng me fekk....... Fakta er at me berre var 2 deltakare og eg fekk altså berre 110.5 poeng. MEN - og det er viktig! Kiwa LÅG på fellesdekken (hvilket er eit under!) og ho kom inn med apporten (under nr 2, ettersom apporten har blitt skummel i det siste). At det då vart litt for mykje for ho til slutt er til å leve med!

 

Eg og Busy vart nr 4 av 8 startande, med ein 3 premie og 109.5 poeng.  Det vart 0 i fellesdekk - som forventa, for den øvelsen sliter me med. Og så fekk me 0 på stå under marsj - litt meir uventa, for den kan ho egentleg. Men ho var ikkje heilt på nett i da øyeblikket; vart litt satt ut då det var to hunder rett utafor ringen som begynte å krangle. Men mykje fungerte bra, og det er ein god start. Så må me bli flinke å trene med alle moglege forstyrrelser rundt oss,for det er nok her eg har slurva mest med Busy, og det straffer seg no....

 

Her er framleis vinter. Me har vel ein 40 cm snø endå, og hundane liker seg! Her er eit bilde eg tok av Kiwa og Busy i Turtagrø for ein månad sidan, og dette bilde er mitt bidrag i fotokonkurransen eg er med i. Her er me fleire aktive hundeglade "fotografer" som kvar månad skal tevle om beste bilde, og til slutt skal då årets bilde kårast. Spennande og moro:-)  Du kan sjå resten av bildene som er med i februar-ved å klikke her: http://www.hunden.no/blogg/blogg.html?bid=899&blid=4218

 

 

Kiwa og Busy poserar i det som har vore vindauge i gamle selet vårt på Åsete i Nørstedalen.

 

 

No har eg fått nye bilder av Comet i Alta:-) Ca. 10 mnd.

 

 
 

 

Cita ca 10 månader

Bounty, ca 1 1/2 år

 

 

 

Cing er her ca 9 mnd og har allerede masse pels:_)

 

 

 



I sommar lukkast da endeleg for eg og Kiwa å klare ein 1 premie i LP klasse 1. I utgangspunktet ville eg ikkje stille eingong, for eg hadde ikkje tru på at me skulle klare fellesdekken. Men Inger overtalte meg til å prøve, og bra var da (takk Inger). Me fekk 166 poeng og godkjende karakterer i alle øvelser. Og me var dei einaste av dei 6 deltakare som fekk 1 pr, og dermed vann me heile klassen. Så no trener me for fullt mot kl 2!

 

 

 

Med dette bilde av Kiwa og Busy vil me ynskje alle hunde-venner ein riktig god sommer:-) Pga sjukdom har eg ikkje klart å sittja framfor PC`n noko særleg, så oppdatering har det vore skralt med. Nokon forseinka gladmeldingar kan eg likevel komme med: Busy har no fått røntga hoftene sine, og har - som sin mor - A-hofter:-) Såvidt eg veit er Busy einaste av Kiwa sine avkom som har kjent HDstatus, men er det fleire som har fått sjekka sine hunder, er det flott om eg får ein melding om det!

Eg har med jamne mellomrom kontakt med C-kullet sine eigare, og alt går kjempebra:-) Cing har vore heilt fin etter han reiste; ingen tilbakefall, og no er også augene hans bortimot "tårefrie". Han skal eg etter planen helse på i løpet av sommaren, og det gler eg meg til! Skal prøve å få lagt inn nye bilder av dei fire etter ferien min.

 

Kiwa og Busy i Øyabotn, serptember 2007.