29.mars.2010
Eg, Karoline og Malene var ute på tur med hestane, me rei heile runden vår. Hestane syntest at det var kjekt å komme ut på tur, og storkosa seg då dei fekk lov å gå over elva. Dei var svært energiske, så me fekk oss nokre fine galoppar. Super tur! Mammao og hundane var òg med. ;)
28.mars.2010
Me tre jentene rei ein liten tur inn gjennom beite til Leidulf og opp i Strangøy på hestane, frodi me skulle ha av sko i tillegg. Eg og Karoline rei barbak på Rikka og Vesle Rei. Malene og Smula rei først opp bakken i Strangøy, fordi eg og Karoline ville ha oss ein galopp opp bakken. Då dei var oppkomne satte me av garde, og for ein fart dei fekk. Rikka rasa av garde med Vesle Rei etter seg. Ho bukka av glede og fortsatte i same tempo opp heile bakken. Kjempe moro. :D Etter turen vår tok Eg og Karoline av skodn på Smula og Vesle Rei, og klipte hovane deira, for dei var begynt å bli lange.
20.mars.2010
I dag var eg og Rikka ute på tur. Ho er ikkje så veldig glad for å bli teken ut på tur åleine, så ho skapar så mykje trøbbel for meg som ho klarer på veg ut. Når me er på veg heim er alt heilt greitt og ho er veldig lett å ha med å gjere, og gjer som eg ber om. Ho var som vanleg i dag og, men det som tel, er den stunda me har ilag, og at me trivst i kvarandes selskap. Ho er VERDENS beste hest, og min! :D Me har det alltid moro i lag når me er ute på tur. I dag var alt skummelt, og ho rygga, prøvde å stikke, men me fekk oss no ein fin tur. ;)
I februar var eg i Ølen saman med mamma, Inger og Laila på utstilling. Det var ei kjempe artig helg, der eg fekk lov å stille Busy i gruppe 1, der eg fekk 1.premie og 2.plass. Det var kjempe moro og noko eg håpar at eg får lov til å fortsette med. Eg var og så heldig at eg fekk lov til å stille Qandis i oppdrettarklassen, ho er ein av springerne til Inger, det var og heilt nytt for meg, men like moro. Så no har eg altså fått prøvd meg på å stille både sheltie og Engelsk springer spaniel. :D
|
|
|
Eg og Busy Babe. :D |