Kvelpar - C-kullet
Sist oppdatert 21.04.08
Denne side handlar om Kiwa sitt C-kull, født 03.02.08. Mor til kvelpane er Rettholtens Cantilly Bluegirl "Kiwa", og far til kullet er Mellsjøhøgda`s After Dark. Det er 4 kvelpar i kullet, 2 blue merle hanner, ei tricolour tispe og ei CHW tispe - der hovudfargen er kvit.
| 21. april |
No er C-kullet 11 veker gamle. Cita, Cimma og Comet sender små helsingar til oss med jamne mellomrom, og det er kjempetriveleg:-) Nye bilder av dei tre på framsida idag. Her er det fortsatt tre hundar i huset. Cing er ikkje heilt ferdig med medisinering, men det går framover. Har idag den tredje dag utan medisin, og alt ser bra ut. Det er like spennande kvar gong han går på do, og aldri har vel avføring blitt sjekka så grundig her i huset før..... Det store spørsmålet er jo kvar dag om det kjem blodig avføring igjen, men enn så lenge er alt bra. Tenkjer å bruke litt lenger tid på nedtrapping enn dyrlegen nok meinte var nødvendig. Tek i alle fall to dagar til med halv tablett annakvar dag. Så får me sjå om eg kan slutt heilt då. På vekta igår var han ganske så nøyaktig 3000g. Så han har lagt godt på seg siste veka. Eg trudde faktisk ikkje det, for han er ikkje alltid interessert i mat. Det ser ut som 4 måltid er for mykje for han. Han vil ofte ikkje ha mat i tolvtida. Så et han tydelegvis desto meir på dei tre andre måltidene, for han veks bra. Så eg kjem nok til å berre gje han tre gongar for dagen framover.
| 14. april |
14. april: Endå ei veke har gått og C-kullet er no 10 veker gamle. Cing er no 2640g så han held kurva si flott. Eg har no slutta med både auge- og øredråpar, og det ser ut til å gå bra. Det renn litt klar tåreveske frå augene fortsatt. Det har det gjort lenge, og eg trur muligens ikkje det har samanheng med sjukdommen hans. Det verkar til å være klar tåreveske, og det er det ikkje uvanleg at kvelpar kan ha problem med. Det hadde Kiwa lenge også. Det er rett og slett tårekanalane som kan være litt for tronge. Som regel veks dei dette av seg. Andre gongar kan det være nødvendig å stikke dei opp, for å bli kvitt problemet. Meininga framover er å forsøke ny nedtrapping med første medisinfrie dag fredag. Då har eg dyrlege klar etter helga, viss det igjen dukkar opp ting eg må drøfte med han. Ellers er han sprek som ei loppe. Elsker å henge i buksebeinet mitt når me er på tur, og ellers leike. Når Kiwa og Busy leikar, heng han i halen til Busy, så her er bra aktivitetsnivå! Cing er no rolegare i bil. Han får være med på småture, sitter då ofte i fanget, viss ikkje dei store er med. Men no trur eg at eg vil prøve å ha han i buret bak i bilen aleine også. Han har vore med på skulen og helsa på ongane der. Han har vore med utafor butikken og helsa på både vaksne og ongar. Me trenar litt på å gå i band. Har ikkje vore heilt flinke nok til det - fordi det ikkje er nødvendig her - men han kjem seg! Eg har for tida eit kvelpekurs, og det hadde vore supert å kunne tatt han med dit som miljøtrening. Men sidan han ikkje er vaksinert, og ikkje har den største motstandskrafta, er det ikkje aktuelt. Ein veit aldri kva dei andre hundane kan ha med seg av smittestoffar heller. Så me får finne på andre ting enn så lenge.
| 6. april |
6. april: Idag er C-kullet 9 veker gamle. Cing bur fortsatt her hjå oss, og no kjem denne siden til å handle mest om han. Det viste seg fredag at det var for tidleg å trappe ned medisinen til han. For etter to medisinfrie dagar (med medisin annakvar dag) fekk han igjen blodig avføring og muligens litt meir hovne auge. Telefon til dyrlegen gav meg det svaret eg rekna med: fortsett medisinering kvar dag ei veke til, før me på nytt prøver å trappe ned. Avføringa er no fin igjen. Av og til verkar det som han har litt vondt når han går på do, av og til ikkje. Tykjer heller ikkje augene er fullt så fine som dei ellers var blitt. Skal snakke med dyrlegen igjen i morgon kveld, for å drøfte fortsatt behandling. MEN - Cing er i full vigør. Elsker å være med ute; undersøke alt og leike med Busy og Kiwa. Og han er kjempeflink til å følge flokken; roter seg aldri vekk, men blir med oss der me er. Det er deilig:-) Har nettopp vegd han no på 9 veker - det vart ikkje gjort på 8 veker, for då var allerede 2 kvelpar leverte, og eg gløymde hine to.... Men idag er han 2.4 kg, dvs ein tilvekst på 500g på 2 veker, og det er akkurat slik han har lege før. Han føl altså kurven sin, og det er bra. Så er det då heller ikkje noko å seie på matlysta!! Her er nytt bilde teke idag:
|
|
|
Cing 9 veker.
|
| 3. april |
3. april: Så er også Cimma reist til sine nye eigare. Er ikkje framkommen endå, men rapport frå bilturen sa at Cimma no hadde roa seg, og at alt gjekk bra. Kennel Smedhaugen ynskjer dei lukke til framover:-) Ellers har Cimma og Cing idag vore hjå dagmamma. Eg måtte på arbeid og hadde ingen her som kunne stikke forbi og fore og lufte og være med dei. Løysinga vart vår gode hundeven Grete, som passa dei i seks timer. Kva dei har gjort der veit eg ikkje, (har antakeleg vore mykje ute) men dei har sove heile ettermiddagen, og vore heilt utslitne!! Kjempeflott at det finnes slike folk. Og kanskje Cing får komme der av og til viss det er behov framover. Cing er no aleine her med mamma og storesøster. Han blir nok teke ekstra godt vare på no som han er eine hane i flokken!! Han sover hjå Emma om natta - ho ligg på madrass på golvet i påvente av at rommet hennar blir rydda ferdig etter ein større oppussing. Og Cing har funnet ut, at det er meget behageleg å ligge ved føttene hennar, oppå dyna. Cing er no bra i augene, men me må fortsettja dryppinga ei stund til. Han er også bra i ørene, men også der må me halde på ei stund til. Eg har begynt nedtrappinga av kortison, og idag er første dag utan den. Han skal ha annakvar dag i ei veke no, for så å slutte heilt, så no vert det spennande.
| 1. april |
Litt oppdatering! No er det berre Cimma og Cing igjen her hjå oss. Ganske så fredeleg, og me bestemte oss for at no skulle desse to få være med oss to-beinte pluss Kiwa og Busy på loftet og sove om natta. Tykte ikkje det føltes rett å la dei være aleine nede i grinda, når alle me andre reiste opp..... Og det går heilt fint. Det betyr sjølvsagt at det no er tissesøyler i HEILE huset.... men kva gjer no det?! Dei er stort sett rolege heile natta. Tykjer greit nok at dei er i overkant tidlege vakne, for i femtida begynner dei stort sett å farte rundt. Men dei leiker berre litt, og idag la dei seg faktisk til å sove igjen, siden ingen andre vart med på leiken. Ang Cing og sjukdommen hans, så er det no framgang på augene. Dei er mykje bedre. Blir dryppa fire gongar dagleg og det har absolutt hatt sin verknad. Han får no også dryppa ører to gongar pr dag, for no er det dèr, sjukdommen har blussa opp. Cing er IKKJE begeistra for dette, og kjempar ganske så imot når han må medisineres, men det går bra. Og bortsett frå dette er han i bra strøk, og det er egentleg ikkje råd å merke på han, at han er sjuk. No skal eg forsøke å trappe ned på tablettene han går på - det er no berre kortison, han er ferdig med antibiotikaen - så får me sjå korleis dette går.
| 30. mars |
Må fortelle litt om dei siste dagane. Reiste fredag morgon til Lillehammer, der me hadde time til dyrlegen der. Kvelpane skulle augnelysast, ID-merkast, ha parvovaksine og helseattestar. Alt gjekk bra. Heile kullet var fri på augene, vilket var som forventa, siden far til dei er genetisk fri, og ikkje kan gje CRD. Tok også i same slengen og sjekka Kiwa, siden det ikkje klaffa å få det gjort før paring, som ellers var planen. Heldigvis kunne også ho reise derifrå med diagnosen "fri". Når det gjeld Cing, så var dyrlegen der enig i diagnosen. Ho meinte me burde starte å behandle augene med kortisonhalduige dråper også, siden dei fortsattt var så hovne, og ho ville heller ikkje vaksinere han idag, siden han ikkje var frisk. Klokka var nærmare halv fire før me kunne reise frå dyreklinikken. Me møtte Trine-Lise på togstasjonen og reiste så til Rustberg Camping, der Frøydis og familie venta på oss. Kvelpane tykte det var HERLEG å sleppe ut av bilen og få leike og springe. Men må berre sei at dei var ekstremt flinke på turen. Ingen piping (berre dei første 2-3 min), ingen tissing i buret, ingen spying. Dei roa seg utruleg bra, og tok turen med godt humør!! Så fekk me ei stund med prat; om hundehold, stell, klipp, trening, foring og masse meir. Skreiv kjøpekontrakter, og så var det tid for Cita å forlate oss og bli med sin nye familie til Trondheim... Og etterpå var det Comet sin tur; han måtte både med tog og trikk første kvelden og fekk verkjeleg miljøtrening i stor grad denne dagen!! Me overnatta i hytta, før me neste morgon starta på tilbaketuren til Sogn. Me var inviterte til middag hjå Gudrun i Vang, som skal bli Cing sin nye eigar, når berre han blir frisk nok til å flytte herifrå, og det var kjempetriveleg! Hundane likte også å få ein etterlengta pause, og det var kjekt å ha tid til ein skikkeleg prat om Cing. Når Gudrun fant fram buret ho hadde hatrt til forrige hunden sin, kraup Cing som den mest naturlege ting i verden inn i det, og la seg tilrette (etter litt kamp med Cimma om kven som hadde mest rett til det..). Så no håper me alle at Cing snart blir frisk nok til å reise til Vang:-)
| 27. mars |
Så er siste kvelden kommen her hjå oss for i alle fall to av kvelpane. I morgon er det avreise kl seks herifrå med kurs mot Lillehammer, der me har time hjå dyrlegen kl 13. Då vert det augelysing, ID-merking og vanleg helsesjekk. Når det gjeld vaksine varierer det litt fra sted til sted, kva som vert brukt. Nokon vaksinerer ikkje i det heile teke, fordi dei meiner at kvelpane er beskytta av antistoffene dei har fått frå mora, og at det er nok fram til 12 vekers alder. Andre meiner at dei skal ha full pakke, og endå andre gir dei berre parvovaksine. Så eg får høyre med veterinæren der, kva ho anbefaler. Planen er å stå opp såpass tidleg at kvelpane får seg ein stund ute før me reiser. Det er utruleg kor rolege dei blir av ein halvtimes leik i det fri. Og akkurat DET ynskjer eg meg i morgon. Slitne, rolege kvelpar, som berre søv bak i buret, medan me legger mil etter mil bak oss...... No er eg glad for at me har trent godt på bilkøyring, og det går bedre og bedre for kvar gong. Igår (fekk ikkje oppdatert heimesida då...) var kvelpane med på besøk til Grete, ei hundeglad dame, med ein snøfri hage. Me sat ute og drakk kaffi medan kvelpane sprang rundt og herja i vel ein time. Når dei begynte å bli slitne, reiste me heim igjen. Så fekk dei mat, og sovna momentant etterpå, og dei sov lenge! Idag har Cita og Comet gått med halsband. Dei skal reise eit godt stykke, og eg reknar med at dei må luftast i band, så difor har me no starta tilvenninga. Ikkje heilt utan protester til å begynne med, men no går det bra:-) Gleder meg til å treffe dei nye eigarane i morgon; har ein god følelse for alle, og det blir kjekt å sjå ansiktene:-). Men no må eg pakke og ordne meg til morgondagen.
Endå ein bildeserie frå Inger Handegård:
|
|
|
Cimma og Cing leikar. |
|
|
|
Til slutt har Cita fått nok og sovner på trappa. |
|
|
|
Comet fikser trapper sjølv! |
|
|
|
Cing helser på den unge springertispa Xmilla. |
| 25. mars |
Nok ein ny dag er over. Tykjer dette går så altfor fort!! Om tre dagar er det levering i alle fall for Cita og Comet, så no må me verkjeleg kose oss siste dagane. Dagen begynte med at eg måtte til dyrlegen med besta sin katt, som ikkje verken åt eller drakk. Eg tok også Cing med meg, slik at dyrlegen kunne vurdere vidare medisinering av han. Så tok eg like godt med Kiwa og Busy også, for dei kunne eg no sjekke for antistoffnivå etter rabiesvaksinene dei fekk i haust. Hadde også tenkt å få teke røntgen av Busy sine hofter for å få HD-status på ho, men dei MÅ være fyllt 1 år, og det gjer ho først i morgon, så da gjekk ikkje..... Ang Cing tykte dyrlegen at han såg bra ut. Han tømte analkjertlane idag også; det var litt der, men ikkje så mykje som sist, og denne gongen skreik ikkje Cing heller, så han er tydeleg bedre der. Me avtalte at han skal gå på same dosen kortison ei veke til, og så ei veke med annakvar dag, for så å slutte heilt. Vil også drøfte dette med dyrlegen på Lillehammer fredag. Idag var Cing i bur bak i bilen ilag med både Busy og Kiwa og det gjekk kjempegreit. Ingen hyling eller spying idag, Cing roa seg fint begge veger. På ettermiddagen køyrde eg Karoline til bussen. Eg tok med kvelpane og dei to store, og på innattvegen stoppa me heime i dalen, ein plass der snøen hadde reist, og så kosa me oss ute i ein halv times tid. Kvelpane storkosa seg verkjeleg. Og Kiwa og Busy viste tydelege teikn på at dei er litt understimulerte for tiden. Det har blitt litt dårleg med mosjonering siste dagane, og dei gjekk fullstendig berserk på dei åpne markene. Sprang rundt og rundt og rundt; byta på å springe etter kvarandre og tykte livet var herleg. I morgon skal eg ta dei med på besøk til ei dame, som også har ein snøfri hage, og som er veldig glad i hundar... Det blir topp miljøtrening, og eg tykjer det er greit med desse små bilturane som trening, før den lange turen fredag. Har forresten for fleire dagar siden, satt eit bur inn i stova, med hundeseng inni, så kvelpane blir litt vande med bur også.
|
|
|
Cing i action... Fotaograf I. Handegård
|
|
|
|
Cita og Cimma. Fotograf I. Handegård |
| 24. mars |
Idag har kvelpane vore på biltur til Gaupne, der min gode veninne Inger Handegård hadde invitert oss til hundefotografering i delvis snøfri hage. Turen dit er på 4 mil, og det er smal, svingete veg. Eg hadde Kiwa i buret ilag med kvelpane, men dei tykte ikkje det var noko særleg kjekt, så det vart noko piping.... Dei hadde også spydd ein del. Men så vart det desto kjekkare når dei fekk sleppe ut og leike i hagen:-) Dei hadde ein skikkeleg koseleg time med leik, der Inger fotograferte, men det var vanskeleg lys idag, med skarp sol, så det var ikkje alt som var vellukka (det er det jo aldri uansett når ein skal ta bilder av hunder i bevegelse...) Etterpå tok me å stillte opp kvelpane på bord, og såg over dei. Så langt er alle bitt i orden. Me kjente etter testiklar på hannane og kjente ein på Comet og ingen på Cing. No i kveld kjenner eg ein på Cing også. Det er ikkje uvanleg at dei ikkje er komne på plass ved denne alder; me håper dei kjem etterkvart. I Gaupne fekk kvelpane også helse på den unge springertispa Xmilla på 6 månader. Det var både spennande og litt skummelt. Alt ialt ein opplevelsesrik dag for dei små.
Alle bildene under er teke av Inger Handegård.
|
|
|
|
Cita |
Cimma |
|
|
|
|
Cing |
Comet |
|
|
|
Cita |
|
|
|
Cimma |
|
|
|
Cing |
|
|
|
Comet |
| 23. mars |
|
|
|
Cita og Cimma leikar. Her 7 veker gamle. |
23. mars: Det var nok falsk alarm med Cimma igår. I alle fall er ho i fin form idag. Det har vore kaldt i påska, og det ser ut som om kvelpane har lett for å fryse litt med same dei kjem ut. Og det er vel ikkje så rart; med 4-6 kuldegrader og litt trekk i lufta ER det kjøleg for små kropper. Så turene ute er ikkje lange, men me tek fleire kvar dag. Idag var dei med meg ned i redskapshuset, der det er grusdekke og masse spennande luktar. Eg passer på å lage litt lydar og "bråk" for å venje dei til litt av kvart på det området. Cimma tykte det var litt skummelt når eg byrja å riste i nokre traktorkjettingar som låg der, men det gjekk fort over. Når eg skulle oppatt til huset med dei fekk eg litt problem... Utafor redskapshuset står det ein campingvogn og ein lastebil. Under dei er det ikkje snø, men litt grasdekke, og DET var spennande!! Så dei ville slett ikkje være med oppatt. Når eg fekk lokka to med meg, fòr to andre under igjen... og når eg skulle bort og hente dei, fòr dei, som ellers var med meg, under att i staden.... Til slutt fekk eg hjelp av Jakob, så me kom oss oppatt i huset, og då var det såvidt dei orka litt mat før dei slokna momentant på golvet og sov aldri så lenge. Ellers er dei nokre skikkeleg morgonfuglar. Eg er glad viss eg får sove til halv sju, det er som regel det lengste dei er rolege. Då hyler dei så fælt at det er berre å stå opp. Dei er i det heile teke veldig selskapssjuke, og trives slett ikkje i grinda eg har laga i stova. Dei vil absolutt helst ha fri tilgang til heile huset (og det har dei også stort sett når me er inne); då roer dei seg mykje bedre. Idag er det søndag og ny vegedag. Her er resultatene for denne veke. Det kan sjå ut til at jentene kan bli i største laget; Comet ligger litt i grenseland medan Cing neppe blir nokon stor sheltie. Men dette er aldri sikkert; berre teikn på kva veg det kan gå.
Vektskjema frå fødsel til no 6 veker.
| DAG |
CarmenCita |
Comet |
Cimma |
Cing |
| v/ fødsel | 300g | 270g | 250g | 285g |
| dag 3 | 365g | 345g | 330g | 350g |
| 1 veke | 500g | 485g | 500g | 490g |
| 2 veker | 740g | 765g | 840g | 755g |
| 3 veker | 1130g | 1060g | 1130g | 1020g |
| 4 veker | 1560g | 1410g | 1500g | 1260g |
| 5 veker | 1860g | 1690g | 1770g | 1410g |
| 6 veker | 2265g | 2080g | 2250g | 1610g |
| 7 veker | 2700g | 2500g | 2840g | 1900g |
|
|
|
Snakk om å få servert alt på eit fat! Cing |
|
|
|
Den som sover synder ikkje...Comet |
| 22. mars |
22. mars: Cing er no i fin form. Eg er fortsatt ikkje fornøyd med augene som er veldig bleike i kantane rundt, men bortsett frå det er han i godt humør. Han et skikkeleg godt no, og er like aktiv som dei andre. Han er med ute og liker det veldig godt. Får sin medisin kvar morgon, og det glir fort ned, gøymt i litt leverpostei. Men idag er det Cimma eg ikkje heilt liker..... Idag fraus ho ute; skalv og rista og var slett ikkje innstillt på å leike med dei andre, men fann seg bedre tilrette når eg bar ho innom jakken min, og det er ikkje likt ho:-( Eg har saumfore ho skikkeleg; finn ikkje nokon teikn på byller, prikker eller andre ting. Ho har god appetitt og no etterpå har ho vore i bra aktivitet også. Men eg skal halde eit ekstra godt auge med alle framover, og håper verkjeleg ikkje det blir meir sjukdom i kullet. Bortsett frå dette - på føremiddagen tok me med kvelpane inn til pappilonen Cim. Dei begynner å bli husvarme der no, og herja rundt ein stund før dei momentant slokna og sov allesammen. Seinare var dei med og måkte ved hestane, og idag var dei også der når hestane skulle inn. Men då var dei så opptekne med å leike med ein papirsekk, så dei oppdaga knapt nok at det skjedde noko ekstra. I morgon er det vegedag, og då skal eg også sjå om eg får teke nokre nye bilder. Har vore dårleg med da no, og eg reknar med at det sit nokre spente folk rundt omkring i landet, som setter ekstra pris på nye bilder..... Her er eit lite eit av tre trøytte kvelpar - merkeleg nok, men det er så MYKJE, MYKJE lettare å få gode bilder når dei ligg i ro....
|
|
|
Cimma, Cing og Cita slapper av.
|
| 20. mars |
20. mars: Idag ser Cing bedre ut i augene, og han har ikkje gått på do på langt nær så ofte som igår. Når eg sto opp idag såg eg at det var noko avføring som var ganske blaut. Eg klarte ikkje å sjå kven av kvelpane det var, for det var ingen avføring i pelsen, og seinare idag har dei vore fine. Reknar med at det var Cing som kanskje hadde ein reaksjon på gårsdagen, men så lenge alt no er normalt, er det greit. Han har fått medisinen sin idag, og det gjekk kjempegreit. La dei små tablettbitene i litt leverpostei, og det var berre godt!! No har me nettopp vore ute ein tur. Det snøer og er berre såvidt plussgrader, så me var ikkje lenge ute, men eg tykjer det er viktig at kvelpane no får litt nye opplevelser kvar dag. Me gjekk ein tur ned til der hestane beiter, og dei var med å la ut litt for til i morgon. Så gjekk me inn i mjølkerommet og ein liten tur innom fjøsdøri. Johannes drev å mjølka, så det bråka ein del, men alle kom seg inn døra på under eit par minutter, og det er ikkje dårleg. Så rusla me oppatt i huset, der kvelpane vart tørka etter tur og fekk litt mat, og no søv dei søte små.
| 19. mars |
!
|
|
|
Her har Inger fotografert Cing i hagen, der han fekk springe rundt og kose seg på tint mark:-) |
Skjønner ikkje kva som skjer med datoane mine igjen....hadde problem for ei stund sidan og fekk det ordna, men no er det gale igjen :-( Inntil eg får det ordna, får de heller sjå oppe på sida om den er oppdatert sidan sist! For å fortelle litt om Cing. Som sagt var han mykje bedre igår. Likevel - utover dagen begynte han igjen å få problem med magen. Var på do veldig ofte og det kom berre små dråper avføring m blod i. Ellers var han i fin form. Spiste, drakk og var aktiv med dei andre. Heller ingen feber. Men eg kom vel fram til at eg i alle fall må få han sjekka av dyrlege idag. Sov nede i natt igjen, og var inne og såg til han med jamne mellomrom, men alt var ok. Og når eg rydda opp etter natta no, var det ingen spor av blodig avføring:-) Han åt normalt, var på do etterpå, og sjølv om det såg ut til at det var litt vondt for han å gå på do, så var det som kom ut normalt, utan blod! No herjer dei på golvet alle fire. Men no skal eg ta ein prat med dyrlegen når han opnar om ein time.
Cing har no vore til dyrlege i Sogndal. Han var ganske i tvil om diagnosen, men han sjekka tarmåpningen og fant at analkjertlane var meget betente og hovne, så det var ikkje rart at avføringa til Cing var blodig og at han hadde vondt for å gå på do. Han er også hoven i augene, dette såg eg også mondag, men då var det ikkje mykje, og eg vart i tvil om det faktisk var tilfelle. Når ein kvelp vert sjuk leiter etter alt mogleg, og av og til ser ein kanskje "syner"..... Men idag var det tydeleg at augene ikkje var gode. På vegen ut til Sogndal var eg nett innom min oppdrettarveninne Inger, som har lang erfaring med hund og oppdrett. Ho såg også augene med ein gong; ho tykte at lymfeknutene var noko store, og ho fann ein gul prikk på nedre kant ved auge og eit lite sår ved eine tredepute. Alt saman små funn, som KANSKJE kunne tyde på kvelpefurunkulose (som ho sjølv hadde i sterk grad på ein kvelp i forrige kullet hennar). Men fann ikkje heilt samanhengen med avføringsproblemene. Dyrlegen sa at det var meget uvanleg med så betente analkjertlar på så små kvelpar, men at kvelpefurunkolose KAN gje dette utslag. Han merka også at lymfeknutene var store. Siden han ikkje fann noko anna som dette kunne være heller, valgde han å behandle Cing som om det er kvelpefurunkolose. Så han går no på antibiotika og kortison, og må nok gå på dette ein god stund. Om det no skulle vise seg å IKKJE være dette, så vil desse to medisinene mest sannsynleg verke på dei symptomene han har. Så skal me snakkast etter påske for å vurdere vidare behandling. Heldigvis er Cing i veldig god form ellers. Han et og drikkar, leikar og herjer med dei andre. Så får me krysse fingre og håpe det beste i dagane framover!
|
|
|
|
Cimma er ganske hard med klematisen.... |
Cita i fullt firsprang.... |
|
|
|
|
Cing er inne og leiker. |
Comet med ein grankvist han vil ha. |
| 18. mars |
Igår var kvelpane ute ein ordentleg tur for første gong. Før har dei berre vore på verandaen, men no treng dei å oppleve meir og utvide horisonten litt. Så me gjekk ein liten tur ute. Der møtte dei først border collien Scott og spisshunden Fox. Det tek dei ganske så avslappa. Er ikkje så veldig interesserte, men heller ikkje redde. Så gjekk me inn i huset til pappilonen Cim, der det var både han og fleire folk å helse på. Dei var litt forsiktige til å begynne med, men vart modigare etterkvart. Cita, Cimma og Comet koste seg ute, men Cing riste og fraus, så han fekk ikkje gå så mykje på snøen. Om kvelden vart han dårleg. Hadde blod i avføringa, trykte seg og prøvde å bæsje gong på gong men fekk berre ut litt kvar gong. Han var ganske slapp også. Snakka med dyrlegen, og vart enige om å gje han litt parafin og sjå det an litt, siden han ikkje hadde feber. Han fekk kokt kjøttdeig m kraft og spiste godt, og verka litt kvekare seinare på kvelden. Eg sov nede med dei i natt for å kunne høre eventuelle lyder og teikn på at noko var gale. Men natta var roleg. Var inne og sjekka mange gongar, og gav han litt kraft og kjøttdeig når han var vaken. Idag er han mykje bedre; leikar og er i aktivitet med dei andre. Så eg har førebels utset turen til dyrlege. Veit at det er ope i morgon også, så er eg i tvil om at han ikkje er heilt ok, reiser eg ut ein tur då.
| 16. mars |
Idag har kvelpane fått helsa på ein framand hund for første gong. Det var pappilonhannen Cim frå nabohuset. Han er den første som kjem inn, for eg veit at han er trygg med dei små, og det er veldig viktig at dei får positive erindringar frå slike situasjonar. Men kvelpane merka knapt nok at han var der, dei for rundt og herja, og brydde seg ikkje so mykje med han nye. Men redde var dei ikkje. Etterpå var dei passeleg slitne, så då tok me ståbilder av alle. Det ser muligens ut som eg struper dei....det gjer eg ikkje, men det er ikkje lett å få dei til å stå roleg på eit bord.... Det må me trene mykje på no framover. Til slutt fekk dei klippt klør igjen, og kom ein tur på vekta, og så slokna dei etterkvart og søv endå...!
![]() |
![]() |
|
Cimma 6 veker |
Cita 6 veker. |
![]() |
![]() |
|
Cing 6 veker |
Comet 6 veker |
| 14. mars |
Kvelpane er no ute på verandaen ein liten tur kvar dag. Eg har måkt snø i hagen, og hadde ein draum om at eg skulle klare å få eit område der fri for snø...... Men det er eit lag tjukk is i botn, som er knallhardt, så eg begynner å tvile litt på heile prosjektet.-( Men no er dei såpass store, at dei snart skal få ein liten tur ut, snø eller ikkje, og så får eg være flink å tørke dei godt etterpå. For no treng dei etterkvart større utfordringar. Heldigvis er det no påskeferie, og kvelpane blir i fokus heile veka. Her kjem mykje besøk, nye folk å helsa på og dei skal også få treffe andre hundar no, som er trygge med kvelpar, slik at deira første møte blir gode erindringar.
|
|
| Cita har sjølv kravla opp i
ein kasse med badekle, og tykte den var godt eigna som seng!!Den er høgre
enn det ser ut til her, ca 30 cm, men ho er ei lita spreking!! Klarer no
også å komme seg ut av kvelpegrindane, der opninga til Kiwa og Busy er, og
så har ho testa katteluka (som no er teipa over!)...
|
|
|
| Her er Cing ute med Kiwa og Busy. |
| 11. mars |
Idag har kvelpane vore ute ein liten tur for første gong:-) I helgi fekk me måkt verandaen fri for snø, og siden det no har vore opphaldsvèr i eit par dagar, var den no også tørr. Så eg tok alle fire med meg ut. Dei vandra rundt og undersøkte ting. Var litt skummelt men VELDIG spennande! Det vart ikkje nokon gode bilder idag, men me prøver igjen. Håper vèret blir fint framover, så me kan ut litt kvar dag. Mitt neste prosjekt er å få måkt vekk snøen i hagen, slik at plenen kjem fram, og dei kan få dit. Det er ganske mykje arbeid, for me har rundt halvmeteren med snø endå..... Men det er mildt og tiner godt kvar dag, så det BØR gå!!
|
|
![]() |
|
Cing elsker denne knuten og driv litt på for seg sjølv.... |
....medan dei andre tre leiker og herjer. |
| 9. mars |
Så vart det kveld likevel før eg fekk tid til å settja meg ned med heimesida....... Men det blir gjort no!! Har teke nye hodebilder og vege kvelpane. Ståbildane, som eg også har prøvd meg på, vart ikkje gode nok til å komme på trykk, så eg må prøve til att med dei. Når det gjeld vektane, så er eg kjempeglad for resultatet denne gong. Ingen har lagt veldig mykje på seg, og kurven i mitt diagram, der eg samanliknar med mine forrige kull, har no flata ut. Fortsatt er jentene størst, Comet kjem hakk i hel og Cing er så langt minst, men ikkje liten. Blir spennande å følge med framover no, for det er dei neste vekene ein kan begynne å få ein peikepinn på den endelege størrelsen. Kvelpane har fått sin tredje ormekur idag. Dei har også fått klippt klørne for n`te gong, dei veks fort! Dei får no 4 måltidar for dagen, og er no bedre til å ete. Kvelpefòr er livretten; skive med leverpostei er også ok, men no har eg slutta og servere dei graut, for det likar dei ikkje!! Ellers ser det ut til at Comet får eit brunt og eit blått auge! Dei såg lenge blå ut, men i det siste har det eine forandra seg, blitt mørkare, og blir antakeleg brunt. Ganske sjarmerande, det er tillatt ifølge standarden. Her er dei siste bildene:
|
|
|
|
CarmenCita |
Cimma |
|
|
|
|
Comet |
Cing |
| 4. mars |
Må berre beklage at eg ikkje klarte å halde lovnaden om nye bilder, nye vektar og generell oppdatering igår kveld...... Men helga vart laaaaaang (men utruleg spennande og lærerik:-)) og eg kom ikkje heim før kl tolv søndags kveld, og skulle opp og jobbe heil dag mondag. Eg var sliten etter å ha køyrt 90 mil og ellers fått masse nytt inn i hodet i helga, så når eg kom frå jobb mondag, slokna eg fullstendig, og hadde nok med å få gitt hunder og kvelpar det dei trong. Og så orka eg ikkje meir.... Denne veke er også travel. 4 dagar som vikar på skulen, og i morgon skal eg til kjeveortoped med Emma og Malene - i Bergen.... HELDIGVIS (viss ein får lov å sei da??) har eg sjuke ongar, som er heime frå skulen, så hundane er ikkje aleine og har mykje selskap! Og DET gjer godt å tenkje på. Men her er siste nytt: kvelpane får no 4 måltid om dagen, men er ganske så kresne i matfatet. Dei liker kvelpefòr og skive med leverpostei, men IKKJE velling! Så no får dei kvelpefòr to gonger, skive ein gong, og så varierer det litt med det siste. Dei er no ganske mykje meir aktive, og har forlengst flytta inn i srove/kjøkken. Der har dei kassa si, med grindar rundt, slik at dei har større område å boltre seg på. Og når det er folk med dei, åpnar me grindane slik at dei går fritt rundt i heile huset. Det betyr at det no er mengder med tissesøyler rundt omkring - og det som verre er. Så no står moppen klar om må brukast flittig! Og tørkepapir er forbruksvare!!
Som de ser er jentene no størst, med Cita som den største og King minst. I helga skal eg få samanlikne vektane med mine tidlegare kull, og sjå korleis dei ligg an. Hodebilder blir ikkje lagt inn idag som eg hadde håpa. Kanskje ikkje før til helga. Men då roer ting seg, og eg har det bra roleg fram til levering, så då skal eg bli flinkare;-) Og her er dagens bilde:

Her spiser kvelpane, frå venstre: Cita, Comet, Cing og Cimma.
| 28. februar |
Denne veka har vore ganske travel, og slik fortsettjar det ei veke til. No driv eg og pakker til helgens sheltie-kurs på Vindfjelltunet, og det gler eg meg veldig til:-) Men det betyr at eg ikkje får oppdatert heimesida før mondags kveld..... Ongane skal være heime og passe Kiwa og kvelpane, og sjølv tek eg med meg Busy. Skal prøve å få Emma til å vege kvelpane søndag, slik at eg får inn nye vektar på mondag når eg kjem heim. Då kjem det forhåpentleg nye bilder også!! Ellers får kvelpane no tre måltider for dagen: eit med rå kjøttdeig, eit med kvelpefor og eit med maizena-velling. Men det er tydeleg at dei får rikeleg av mamma endå, for dei er ikkje hissige på mat:-( Så eg må nok til å halde Kiwa litt vekk ifrå dei i forkant av eit måltid.
| 24. februar |
Så er det søndag igjen, kvelpane er no 3 veker gamle o9g det er tid for nye vektar og nye hodebilder. Dei fekk igår for første gong mat; det var rå kyllingkjøttdeig og det var godt!! Dei fekk også ny ormekur, det var ikkje fullt SO godt, men det gjekk ned da og. Ellers er dei no begynt å leike litt med kvarandre, og då kan det bli litt lyd, mjen fortsatt er det forbausande stille. Kiwa har idag for første gong fått ein hard knute i ein mjølkekjertel, og den forsøker me no å tømme så godt det går an, så ikkje det får utvikle seg til jurbetennelse.
Hodebilder 3 veker
|
|
|
|
Comet 3 veker |
Cimma 3 veker |
|
|
|
|
CarmenCita 3 veker |
Cing 3 veker |
| 22. februar |
Så er det 19 dagar sidan kvelpane vart fødde. Det er etterkvart meir aktivitet i kassa, men fortsatt ganske stille. Mest lyd er det når Kiwa kjem bortfor kassa utan å gå oppi, då kan det verte litt skrik. Kjem Busy bort er det stille, så det er tydeleg at dei har peiling på kven som er kven! Dei har så smått begynt å gå på do for eigen maskin, så planen for morgondagen er å utvide kassa, slik at dei kan lære seg til å gå ut på avisene til do.... Dei er oppe og går allesaman, omend noko ustødig, og dei detter i venda rett som det er. Dei har så smått begynt å suge i ståande stilling - DET er vanskeleg, for balansen er ikkje den allerbeste endå. Men dei er ofte på Kiwa før ho får lagt seg ned, og då blir det vanskeleg å klare å legge seg. Her er nytt bilde teke igår. Søndag vert det nye hodebilder + veging.
|
|
|
Cing og CarmenCita brukar Cimma som hodepute og Comet brukar Cing. |
| 18. februar |
No har eg flytta tilbake til rommet mitt, etter 13 dagar på flatseng på kvelperommet. Ikkje at det har vore nødvendig å ligge der so lenge, men det er so kjekt med alle godlydane og lukta:-) Kvelpane er no 15 dagar gamle. Hadde vegedag igår og dei veks....FORT!! Cimma - (Curious Cimma) som me no har bestemt at den svarte tispa skal heite - har meir enn tredobla vekta si på 14 dagar, og dei andre kjem hakk i hel. Fortsatt er det mest eting og soving det går i, men ein merker godt at det har blitt meir aktivitet. Dei er meir bevegelege no, og står av og til å hengjer over kanten på kassa. Dei har fått auge allesaman no, ikkje skikkeleg opne endå, men nok til at me ser, at alle dei tre blå kvelpane får blå auge. Det har alle mine blå fått hittil - har endå ikkje fått blå kvelpar med brune auge, men det finnes! Her er dei nye vektane på 2 veker.
| DAG |
CarmenCita |
Comet |
Cimma |
Cing |
| v/ fødsel | 300g | 270g | 250g | 285g |
| dag 3 | 365g | 345g | 330g | 350g |
| 1 veke | 500g | 485g | 500g | 490g |
| 2 veker | 740g | 765g | 840g | 755g |
| 3 veker | 1130g | 1060g | 1130g | 1020g |
Hodebilder av kvelpane 15 dagar gamle:
|
|
|
CarmenCita 2 veker gamal. |
|
|
|
Comet 2 veker. |
|
|
|
Cimma 2 veker. |
|
|
|
Cing 2 veker. |
| 14. februar |
Sliter veldig med ryggen no, og har ikkje fått meg sett ned for å oppdatere heimesida siste dagane. Men her kjem nytt bilde og siste info! Alle kvelpane hadde dobla vektane sine når eg vog dei igår. Dei er som nokre små pølser allesaman; lubne og gode. Spørsmålet er om det straffer seg at dei veks så fort..... Kiwa har no begynt å ta litt pauser ifrå kvelpekassa. Til no har ho omtrent bodd der, men no kan ho pludseleg være litt med oss i andre rom, og set også meir pris på ein tur ut. No har også hann 2 fått namn: Cosmic Comet, med kallenamn Comet. Så no er det berre eg som må ta valget på den svarte tispa....det skal komme namn på ho og i løpet av helga, trur eg....!
|
|
|
Avslapping!
|
| 11. februar |
Idag har kvelpane fått sin første ormekur. CarmenCita tykte det var FRYKTELEG, Cing Charming (som hann 4 no er "døypt", heretter kalla Cing) og hann 2 sa "greit nok" medan vesle svarte-frøkna sa: "Uhm, deilig - har du meir??" Gav samtidig Kiwa ein ormekur pluss ein skikkeleg omgang med kam og børste, samt klotang. Ho røyter litt no - blir nok verre etterkvart, endå ho var nesten ikkje kommt skikkeleg i pels etter siste kull...... Kjenner eg ho rett kjem ho til å miste ALL underull; det er nesten så ho minnar mest om ei kinesisk nakenhund når ho er på det verste!! Ellers har eg ein rygg som har gått skikkeleg i vranglås. Vakna søndags morgon og kjente det var vondt; idag tidleg tykte eg det kjentest bedre, men det forverra seg utover dagen, og er ILLE no. Må ein tur til legen i morgon, så får eg håpe han har ein mirakelkur i bakhånd, for dette passar dårleg:-(
| 10. februar |
|
|
|
Her ligg dei og søv, frå venstre: hann 2, tispe 3, CarmenCita og hann 4. |
Kvelpane er no ei veke gamle. Som eg lovde igår, har eg no teke nye enkeltbilder. Det er IKKJE lett.....kvelpane berre virrer rundt med hodet, og ligg ikkje stille, så det meste blir uskarpt og ubrukeleg. Så no blir jobben min å ta blider når dei ligg litt aleine og søv - så får me sjå om det gir bedre resultat! Men bildet over, der dei ligg tett saman, viser i alle fall godt kor jamne dei er. Alle er flinke å suge, og det er ingen som treng hjelp eller ligg på etterskot. Kiwa har rikeleg med mjølk også, og gjer all jobben med dei små endå, og idag har den tricolour tispa doblet vekta si! Dei andre treng nok eit par-tre dagar før dei har dobla, men uansett er dette kjempebra! På bildet under ligg dei skikkeleg og koser seg, og der kom hodet til hann 2 godt fram.
|
VEKT-SKJEMA OVER C-KULLET
|
Enkeltbilder av kvelpane 1 veke gamle.
|
|
|
CarmenCita |
|
|
|
Hann 2 |
|
|
|
Tispe 3 |
|
|
|
Hann 4 |
| 9. februar |
Kvelpane er no 6 dagar, og veks UTRULEG fort. Fortsettjar dei slik, blir det vel størrelse collie på heile gjengen...... I morgon, når dei er 1 veke gamle, skal eg lage vektskjema over dei. Og - ikkje minst - prøve å ta nye enkeltbilder av alle fire, for dei første eg tok vart IKKJE bra. Ikkje dette her heller..... Men det får halde enn så lenge.
|
|
|
5 dagar gamle - frå venstre: tric tispe, hann 4, hann 2 og tispe 1.
|
| 7.februar |
Kvelpane er no 4 dagar gamle, og veks som berre da. Idag har eg klippt klørne for første gong, dei var lange og spisse og sikkert ganske vonde for Kiwa når dei ligg og trampar på juret. Kiwa er kjempeflink med dei, og ligg i kassa med dei nesten konstant. Det er nesten berre viss eg driv på med noko veldig godt på kjøkkenet eller viss eg skal ut, at ho kjem fram. Ho blir gjerne med ut på korte lufteture, men blir det for lenge stopper ho opp og vil snu. Storesøster Busy er fortsatt meget interessert i kvelpane, og ligg av og til oppi kassa med Kiwa og dei små. Og Kiwa tykjer det er greit. Ho begynner ofte å vaske og pusse litt på Busy også når ho kjem. Men igår var det ein kvelp, som hadde kommt litt på avvege og tok retninga mot Busy for å suge, og DÅ var grensa nådd!! Busy spratt opp i ein voldsom fart og viste med heile seg at det var EKKELT! Og me andre lo......
|
|
|
Kiwa har god hjelp i storesøster Busy når ho steller dei små:-) |
| 5.februar |
|
|
|
Her ligg dei og slapper skikkeleg av heile gjengen! To dagar gamle. |
Alt går berre bra med mor og barn. Kiwa er i fin form igjen og har god matlyst. Ho får kvelpefòr pluss litt havresuppe innimellom, men det er ikkje lenger populært.... Kvelpane er veldig flinke å suge. Alle har lagt på seg og det verkar som Kiwa har bra med mjølk. Skal prøve å lage til eit vektskjema etterkvart, der ein kan fylgje utviklinga. Busy , som no har blitt storesøster, er UTRULEG interessert i dei små. Kan ligge lenge og berre sjå på dei, og Kiwa tolererer det, merkeleg nok.....
| 3.februar |
|
|
|
Frå venstre:blå tispe (1) på 300g, blå hann (2) på 270g, blå hann (4) på 285g og tricolour tispe (3) på 250g. Store og fine alle fire! Dette bildet er teke seint om kvelden, på fødselsdagen.
|
Siden Kiwa no var låg i temperatur og ho hadde pesa noko om kvelden, valgde eg å bli nede i 1 etasjen og ikkje gå på loftet og legge meg. Men etter ei stund måtte eg kapitulere: Kiwa VILLE på loftet, og ho skulle ha med seg eit pipedyr opp dit!! Så me er der til eitt om natta, då er Kiwa noko uroleg, så eg tek ho med ned og ut og tisser. Men ho vil opp igjen.... Det blir litt att og fram. Er ute med ho fleire gongar og kvar gong både tisser og bæsjer ho. Ho ligger lågt heile natta, og er fortsatt under 37 grader. Kl 8.15 står me opp. Kiwa vandrar noko rundt og finn ikkje alltid roen. Pipedyret må være med overalt, og Busy får grei beskjed om å halde seg langt unna da! Ho kjem ofte bort til meg og skal kløast på krysset. Denne gongen har ho forelska seg i ei lita, rund hundeseng som er under stellebordet - der plar ho ALDRI å ligge ellers, men no er den god!! Så får me sjå om det er der ho vil være når førstemann skal ut.....
Kl 12.30: Fortsatt er alt stille, stille her.....Temperaturen er fortsatt låg (37 grader) og ho ligg og småsover i ein sofa. Puster tungt og peser litt av og til, men er roleg. Så her gjeld det berre å smørje seg med tålmodigheit og vente.....
Kl 14.40: Tempen begynner å stige, er no 37,3. Kl 18 er den 37,4.
Kl 17.10: Fortsatt ikkje noko nytt å fortelle. Kiwa er ganske avslappet, kun avbrutt av litt små-pesing innimellom. Temperaturen er fortsatt låg, og så lenge den er det, kjem ikkje ho til å få pressrier. Så det ser ut til at Inger får rett: ho venter til i natt, til det blir stille og roleg her. For med 5 barn i huset - sjølv om dei er hensynsfulle og spente - så blir det litt uro. I tillegg er Busy her, kanskje som eit uro-moment, sjølv om ho er roleg inne, fordi ongane har vore flinke og teke ho med ut. Vel, vel - det er ingenting eg kan gjere med det! Så eg sit med boka Drageløperen og les, med Kiwa i sofaen attmed meg. Så får me slappe av så godt me kan, til det blir meir hektisk her...
Kl 18.30 begynner Kiwa å skjelve, ho finner ikkje heilt roen, men vandrer rundt med eit pipedyr, som ho MÅ ha med seg overalt nett no. Eg får ho oppi den grøne stolen, der ho også dei to forrige gongane har fått dei første to kvelpane. Der roer ho seg og kl. 18.52 starter ho så smått med pressrier. Dei første er ikkje kraftige, men ho held på ganske lenge føles det, før ei stor tispe på 300 g endeleg er ute. Denne er overteikna med kvit, (noko som kan skje når ein parrer to hunder som er bærare av kvit faktor). Men frisk og fin og utruleg søt!
Kl 19.54 starter nye pressrier og kl. 20.01 får ho ein blå hann med liten kvit krage og flotte svarte spetter, 270 g.
Kl 20.29 kjem kvelp nr tre til verden: ei tricolour tispe på 250 g, denne har nesten heil kvit krage.
Og her går det på løpande bånn, for kl 20.45 kjem det endå ei blå hann på 285 g, denne har større kvit krage enn den første, men mindre svart på kroppen.
Lurer på om eg kjenner endå ein, men er veldig usikker. Slett ikkje slik som forrige gong, der det veldig tydeleg var ein til. Og det viser seg då også at det er tomt. Men fire, friske, flotte kvelpar er jo supert og det er ein fryd å være med Kiwa på fødslene, ho ordnar opp og er kjempeflink:-). Tykte nok at det tok sin tid med oppbnlokking og uro, men når først pressriene sette igong, var alle ute på ein time!
Her er bilder av dei fire små; vart ikkje så gode, men eg skal prøve på nytt i kveld.
|
|
|
Nr !: blå tispe på 300 g. Kvit og grå på kroppen, noko svart og tan på hodet. Kvit bles. |
|
|
|
Nr 2: blå hann på 270 g. Liten kvit krage, kvit bles. Ganske mykje svarte flekker. |
|
|
|
Nr 3: tricolour tispe på 250 g og minste i kullet (men ikkje liten!). Nesten heil kvit krage og liten kvit stripe i panna. |
|
|
|
Nr 4: blå hann på 285 g. Stor kvit krage, mindre svart på kroppen. Kvit stripe i panna.
|
| 2.februar |
Det er no 62 dagar sidan Kiwa vart para første gong. Natta har vore roleg, og midt på dagen er det fortsatt ingen teikn på at det er nokon fødsel på gang. Temperaturen er forhaldsvis låg, men har endå ikkje vore under dei magiske 37 gradene...
Kl 21: Ut på ettermiddagen begynner temperaturen til Kiwa å krype sakte men sikkert nedover, Kl 18.15 er den 37.2, kl 20 er den 37.1. Når me et pizza om kvelden står Kiwa og peser litt. Kl 22.45 er den gått ned til 37 blank, og endeleg - kl 23.30 er den 36.8! Det er slik at tempen skal gå ned slik før fødslen starter skikkeleg. Men den kan godt være låg lenge, og så lenge den er låg skjer ingenting. Det er først når den stiger igjen at tingene skjer...
03.02.2008
Kiwa vart d 2 og 4 desember para med Mellsjøhøgda`s After Dark. Ho er no 9 veker og altså fullgått, og ho er ganske svær. På 3,5 veke hadde ho eit mål rundt midjen på 39 cm og no, rett før det skjer, er ho 51 cm. Ellers har ho god appetitt, er fortsatt sprek men er no ikkje lenger med på lengre ture. Men ho storkoser seg når ho får rusle rundt på småture rundt her. Ho er nok ikkje fullt så interessert i å leike med Busy, så eg prøver å aktivisere minstefrøkna så godt eg kan utenom, så ho ikkje berre skal herje med Kiwa heile tiden. Eg har begynt å sjekke tempen til Kiwa eit par gonger for dagen no, den ligg fortsatt jamn på 37.5-37.8. Eg hadde bestillt kvelpane til å komme fredags ettermiddag, men da vart ikkje noko av. No er det laurdag, og fortsatt ingen teikn på at noko er på gang..... Sist kom ho på 63 dagen (det blir søndag), første gong kom ho på dag 61. Og det er godt med liv og røre i magen no, kjenner det tydeleg når ein held handa på magen.... Kvelperommet - der Kiwa sine små skal være dei første 2-3 vekene, før dei flyttar inn i stove/kjøkken - er klart, så no er det berre å vente......!
Kl 22.45 laurdags kveld: Tempen til Kiwa er no 37 grader. Har endå ikkje vore UNDER dei magiske 37, men har krøpet sakte men sikkert nedover i løpet av kvelden. Kiwa er meir uroleg no, vandrer litt rundt og står stille og småpeser litt. Så antakeleg blir natta her ganske så uroleg....
Kl 08.15 søndags morgon: Natta HAR vore uroleg, som eg venta. Endå er det ingen kvelpar født, men det nærmer seg.... Frå no skriv eg meir om utviklinga undar "kvelpar".
Her er bilder av Kiwa og Birk.
| Rettholtens Cantilly Bluegirl - "Kiwa" |
| Mellsjøhøgda`s After Dark - "Birk"
|
|
|
| Kiwa Birk |