Busy

Sida vart oppretta 08.07.07.

Denne side skal handle om Smedhaugens Busy Babe, som er frå Kiwa sitt B-kull, født d 26.03.07.

 

Smedhaugens Busy Babe

Hodebilde

 

Her er Busy sin stamtavle:

 


 


 


 


 


 


 


 


 


 

 

 

 

26 mars 2010: Me har vore i skogen idag. Gjekk runden om Svensøystølen og Bjørk med Kiwa og Busy og 3 hestar med ryttare:-) Hadde med kamera, og tok bildar av både hundar og hestar. Vart i grunnen ikkje noko spesielt bra, men må likevel ha inn litt nytt..... Så her er Busy i farta!

 

14 februar 2010: Emma stiller Busy i Ølen, det er hennar debut som handler, og ho gjer det kjempebra:-) . Busy fekk 1 pr og vart nr 2 av 5 i  open klasse, med fylgjande kritikk: Middelstor. Gjerne sterkere stamme. Gode proporsjoner. Tilstrekkelig vinklet bak, noe åpen framme. Hodeformat ok. Vakre øyne. Bra, dobbel pels, men ei i sitt beste. Viser seg vel.

 

 

7 februar

 

Busy ligg i kvelpekassa og ser fasinert på dei små. Og Kiwa er like avslappa.

Busy har no blitt storesøster til 4 kvelpar. Dei vart fødde 3 februar, og frå første stund var Busy VELDIG interessert og fasinert av innhaldet i kvelpekassa..... Eg prøvde dei første dagane å halde ho mest mogleg vekk frå kassa, slik at Kiwa skulle få fred. Men merkeleg nok brydde ikkje Kiwa seg med at Busy kom inn på rommet, og ho kunne til og med få lov til å gå opp i kassa og legge seg ned. Der kunne ho studere dei små på nært hald, og kanskje Kiwa til og med begynte å sleike Busy i munn og auge. Så no har eg ikkje lenger grind mellom kvelparommet og gongen, for dette går så greit. Siden Kiwa ikkje lenger er med på turane våre, er det MYKJE enklare å legge inn treningsmoment undervegs, og det betyr at det endeleg er framgong i treningsaktivitetene. Det me trener mest på nett no er sitt og bli, dekk og bli, fri v foten og søk apport, og så leikar me masse. Belønnar også ALLTID ein god innkalling, for der vekslar Busy veldig for tiden.... Ho kan godt finne på å berre sjå på meg og sei: eg skal berre nett....og så snuser ho vidare:-( Men eg føler det er framgong; og ja - me HAR hatt eit par diskussjonar om dette. Men når ho er "på nett" er ho veldig morosam og rask i det ho gjer. Må skjerpå meg å begynne å legge inn stå-øvelsen også. Ingen vits i å vente med den øvelsen, som eg og Kiwa streva i 2-3 år før den sat nokolunde...!

5 desember

Busy har fått sin første løpetid, vel 8 månader gamal.

31 oktober

Busy er no 7 månader. Har nettopp vege ho og ho er no 4,7 kg og ca 33 cm. Har altså vokst litt likevel sidan siste måling, sjølv om eg føler ho ikkje har det! Ho har og fått meir pels, blank og fin, men ikkje store lengda endå, men det kjem etterkvart.

8 september

Busy er no vel fem månader gamal. Ho er fortsatt ikkje noko stor tispe, og eg lurer nok på om ho blir i minste laget..... Trur nok at ho kjem opp på minstemålet i høgde, men så er det om ho blir for spinkel og spe i hode og kropp... Ho er ca 32 cm og veg 4.2 kg. Er fortsatt fullstendig matvrak, og får aldri nok. Ho har skift alle dei små tennene framme, og for ei veke sidan mista ho begge hjørnetennene nede. Dei oppe sitt framleis godt fast, og dei nye er såvidt synlege. Så no blir det å halde godt auge med desse i tida framover. Håpet er at dei løsner sjølv, men skjer dette ikkje, må dyrlegen trekke dei. Det er viktig at ikkje dei gamle hjørnetenner får sitte for lenge etter at dei nye veks fram. I verste fall kan dette føre til feil stilling på dei nye.

Me driver med litt småtrening kvar dag - eller prøver i alle fall. Må nok innrømme at tida ikkje altid strekk til..... Det me konsentrerer oss om er: innkalling, sitt, dekk, utgangsstilling (inn på plass), stå og LEIK. Leiken er kjempeviktig! På den måten får me fleire måter å belønne på når me trener, eller ellers når hunden har gjort noko rett. Godbiter er også flott, men det er greit å ha fleire alternativ å spela på. Busy er veldig morsom å trene med. Ho er so livleg og spretten, og ELSKER godbiter. Ho er dermed ganske lett å lede; ulempen er at ho er so fokusert på godbiten at ho nesten ikkje veit kva ho gjer....

Ho er veldig grei å stelle. Står fint på bord og let seg handtere overalt. Når eg skal klippe klør, legg eg ho på rygg i fanget mitt, og der ligg ho ganske så tålmodig til eg er ferdig. Dette er også viktig trening. Ein dag skal dei til dyrlegen, andre skal på utstilling og då er det kjempeviktig at hunden er trygg, og let seg handtera også av andre. Så framover kjem eg til å la andre enn meg handtere ho på bordet også.

Det som no er viktigast for meg i tida framover, blir å ta Busy med meg aleine, uten Kiwa, i mange forskjellege situasjoner. Eg har gjort det ein del, men ikkje så mykje som planlagt, så det er satsingsområde nr 1 framover. Så skal eg lage nokre små spor, og sjå korleis det fungerar. Og vidare skal eg fortsetja å utvilke søket hennar, la ho leite etter gjenstander i forskjellege miljø. Ho apporterer ganske bra, bærer det meste og kjem tilbake med det. Det hender ho slepper før ho kjem heilt inn, men det kjem seg etterkvart med trening.

Busy 5 mnd

 

Busy på kvelpeshow i Nesbyen 4 aug 07. Ho fekk fylgjande kritikk: Vakker tispe. Kunne vært bedre uttfyllt i nesepartiet. Meget lovende. Kullsøastera Beauty Blossom (Tilla) vart stillt denne dag også, med god kritikk. Diverre vart ikkje bildene av henne noko bra...

 

Busy 12 veker gamal.