Kvelpar - B-kullet

Denne sida handler om Kiwa sitt B-kull, født 26.03.07

Sist oppdatert 25.05.07

Kiwa fekk d 26 mars 5 kvelpar, 3 tricolour tisper, ein tricolour hann og ein blue merle hann.

 Far til kvelpane er Felthorn Insider (til dagleg kalla Oliver), ein tricolour hanne, eigd av Ingrid Marie Pettersen i Tistedal. Han er importert frå England, er 2 år gamal, har 2 cert på utstilling, er augelyst uten anmerkingar og har A-hofter. Du kan lese meir om "Oliver" på www.imaferrari.net

Mora er Rettholtens Cantilly Bluegirl (Kiwa). Kiwa har svært godt gemytt, ho er åpen og tilgjengeleg og meget miljøsterk. Ho har starta LP, har appellmerket i bronse og 3 pr i kl 1. Ho har også 1 pr på utstilling.

Bilder av Kiwa og Oliver finn du nederst på denne side.

 

25. mai

Så er også Banjo reist! Møtte Ann-Cathrin, Ulf og Jennifer i Vågåmo, og leverte Banjo der. Då hadde dei reist 700 km og var meget glade for å sleppe 2x2 timers køyring til! Rett nok er det ikkje så langt frå Vågåmo til Fortun, men det er svingete og bratt over Sognefjellsvegen, og det tek tid å køyre. Var kjempeheldige at vegen i alle fall var åpen idag; den har vore mykje stengt i det siste pga dårleg vèr med vind og snø. Så no er berre Busy att her hjå oss, og - sjølv om det er tomt og trist etter at resten av flokken forsvant - så føles det godt å kunne ta seg spesielt av ein kvelp, og gje ho den oppmerksamheita som etterkvart trengst. Planen er å lage til eiga side om Busy, der eg kjem til å fortelja litt om kva me driv med, og korleis ho utviklar seg. Så kan dei som er interesserte fylgja litt med der.

21. mai

So er det berre to kvelpar igjen her hjå oss. Fredag morgon kl ti på fem reiste eg og to av jentene mine (Karoline og Emma) avgårde med Kiwa og kvelpane. Hadde time i Lillehammer kl 10 til augelysing og IDmerking + vaksine og helsekontroll. Alt gjekk kjempebra, alle var friske og fine, men diverre viste augelysinga at Bounty hadde lett CRD. Dei fire andre var fri. Så gjekk turen vidare til Halden, der Ingrid (kennel Imaferrari) og Wenche (kennel Catoma) venta på å sjå dei søte små. Eg var spent på å høyre deira meining om kvelpane, og meininga var også at dei skulle hjelpe meg å plukke ut den tispa me burde satse vidare på.

Laurdag skulle tre av kvelpane reise til sine respektive heimer. Først ut var Smedhaugens Blue Bounty, alles gode gromgutt, og einaste blå i kullet. Han blir buande på Jaren. Så var det tispe 2, som skal bli i Halden. Matmor der avlyste bursdagsfeiring for å få med seg sin etterlengta jente heim; det vart tispe 2 som frå no heiter Smedhaugens Beloved Bethie, i dagleg tale "Delfi". Til slutt reiste tispe 5 - på papiret heiter ho Smedhaugens Beauty Blossom, men kallenamn blir Tilla. Ho bur no i Asker. Det var sjølvsagt utruleg trist å ta farvel med dei tre kvelpane. Samtidig føltes det godt å merke at alle kvelpekjøpare er flotte og trivelege folk, som heilt sikkert kjem til å ta godt vare på dei små:-) Og så håper me på å kunne halde kontakten framover; kanskje det dukker opp bilder av gjengen på heimesida også i framtiden!

Søndag reiste me oppover igjen. Brukte tolv timer på 62 mil; ein LAAANG tur for både to- og firbeinte. Men eg er positivt overraska over kor fint det gjekk. Kvelpane roa seg bra. Ikkje ein tissa eller gjekk på do i buret, og det tykjer eg er flot! Men det var godt å komme heimatt! Så får me kose oss godt med Busy, (Smedhaugens Busy Babe, som blir hjå oss) og Banjo, som reiser til Sverige neste helg.

16. mai

Har no fått ordna opp i mine dataproblem. Har ein lokal pc`doktor som fikser det meste, og eg er sjeleglad for at eg slepp å kjøpe ny maskin i første omgang! Her går alt berre bra. Kvelpane får små bilture om dagen; me gjer så godt me kan for at ikke den lange Haldenturen skal bli alt for ille. Så har dei hatt halsband på seg allesammen - det har faktisk ikkje skapt den heilt store frustrasjonen for nokon av dei. Men så tok me ein liten tur i band med dei. DET var ikkje like greit. Fem barn og fem små kvelpar i band = kaos!! Ellers er eg kjempefornøydd med matlysta til desse fem. Dei er overhode ikkje kresne, men spiser alt dei får servert. Hugser godt forrige kull, som berre skulle suge mamma, og slett ikkje var like interessert i ordentleg mat.....Plagsomt! Kiwa har no begynnt å protestere når dei vil suge, så dei får ikkje so mykje der no. Til slutt dagens gladmelding: tispe 5 er bra i foten:-)

15. mai

Idag er det vegedag. Det var med stor spenning eg tok dei på vekta idag. Håper jo at alle skal få rett størrelse, slik som begge foreldra har. Men nokre har nok lagt på seg litt vel mykje denne gong og. Samtidig ser kurva me har laga på Exel jamn og fin ut. Mykje flatere enn det hannen i mitt forrige kull hadde, som vart ganske så stor. Det kan tyde på at sluttresultatet ikkje vert so gale likevel.

Bounty & Banjo 7 veker

Tispe 2 - 5 - 1, 7 veker

Bounty 7 veker

Banjo 7 veker

Tispe 1, 7 veker

Tispe 2, 7 veker veker

Tispe 5, 7 veker

Tispe 2 - 5 - 1, 7 veker


13. mai

Idag tok me alle fem kvelpar med i bilen og køyrde ein tur bort i skogen vår. Det tek 5 min å køyre dit, tre kvelpar var på kvar sitt fang og to var i bur i bilen ilag med Kiwa. Så bytte dei heimat. Bilkøyring er ikkje noko stas, så det kjem me til å gjere meir dei neste dagane, i håp om at den meget lange turen til Halden fredag går bedre...... Men å springe i skogen var kjekt! Der var det nye utfordringar med variert terreng, og masse nye lukter. Og dei vart visst enige om at gamal kumøkk var deilig!! Vel heime slokna dei fort.

11. mai

Idag var Bounty og Banjo med på besøk til to eldre folk i dalen. Dei har hatt hund sjølve og tykte det var stor stas med dei to små. Så da vart det både ein liten biltur (med mamma bak i buret) og besøk på ein heilt ny plass. Begge tykte bilturen var pyton, men å få kos var kjekt!

10. mai

Har forsøkt å ta nye ståbilder, DET ER IKKJE LETT! Når eg då i tillegg ikkje er fornøydd med kvaliteten på bildene, er det heilt umogleg:-( Men eg jobber med saken, og skal komme med nye viss/når eg får det til. Ellers var eg til dyrlege med tispe 5 igår, ho halter for tida. Denne gong tok me røntgen av høgre framfot, i håp om å finne årsaken. Men bildene er fine, det er ingen brot og alt ser ok ut. Mest sannsynleg har ho forstrekkt seg og kjem til å bli heilt bra. Idag har kvelpane helst på naboens border collie, han var rett nok veldig stor, men alle lot seg undersøke, nokon meir ivrige enn andre, og ingen fekk den store skrekken.

Banjo 6 veker

Bounty 6 veker

tispe 1, 6 veker

tispe 2, 6 veker

tispe 5, 6 veker

 

8. mai

Her er nye hodebilder av kvelpane. Vart ikkje fornøydd med ståbildene, skal prøve seinare idag...

tispe 1, 6 veker

tispe 2, 6 veker

tispe 5, 6 veker

 

Banjo 6 veker

Bounty 6 veker

 

7. mai

Kvelpane er idag 6 veker gamle, og er no på det allermest morsomme. No er det verkjeleg kjekt å halde på med dei. Dei elsker å være ute, men blir SO slitne etterpå! Nye vekter er lagt inn på skjema som står på 26 april.

4. mai

Idag har kvelpane helst på ein annen hund for første gang. Me hadde besøk av pappilonen Cim, og kvelpane tykte det var interessant. Storma bort og skulle prate, og det var nesten så Cim tykte det var litt skummelt med SÅ mange små! Men han prøvde å få dei med på å leike sisten, men det skjønte dei ikkje heilt vitsen med. Naboen har border collie og japansk spisshund, så det blir nok dei neste dei skal få treffe.

2. mai

Kvelpane er no 5 veker og 1 dag gamle. Hadde alle på vekta mondag, når dei var nøyaktig 5 veker, har sett inn vektane på skjema litt lengre nede, på 26 april. Så blir det spennande å sjå dei neste vekene, kor mykje dei veks. Det er no framover ein kan begynne å ane litt om den endelege  størrelsen på dei.Veret har vore kjempefint dei siste dagane, og kvelpane har vore ute fleire gonger kvar dag. Dei storkoser seg på plenen, undersøker alt, leikar og sloss.

28. april

Idag har kvelpane vore ute for første gong! Vèret var flott, sol, blå himmel, heit og godt. Me løfta dei ned på plenen, har diverre trapper på begge utgangane våre, så det tek tid før desse kan gå ut sjølv. Driver å pønsker ut om me kan lage til ein rampe; me får sjå...Men SOM dei kosa seg:-) Først bere lukta dei vel og lenge på det rare grøne på bakken. Så vart dei ivrige og for rundt og leika og undersøkte. Var vel ute i ein liten halvtime, men då vart dei stuptrøytte og berre sovna. Håper vèret fortsetter slik at dette kan bli ein dagleg vane. Prøvde å ta bilder, men det vart ikkje heilt vellukka. Veldig skarpt lys kombinert med veldig urolige kropper gjorde det ikkje heilt lett. Skal forsøke meir i morgon

26. april

No er kvelpane på sitt søtaste. Dei er no skikkeleg sosiale, og det er utruleg moro å komme ned til dei om morgonen:-) Dei logrer voldsomt og er so blide at det er ein fryd! No venter me på godvèr, så dei kan få oppleve verden utanfor, men her berre regner det om dagen. Eg har laga eit vektskjema, mangler veke tre, som eg ikkje hadde dato på, og derfor er litt usikker på om er rett.

 

TISPE 1

TISPE 2

 BOUNTY

BANJO

TISPE 5

FØDSELSVEKT

210

190

215

200

200

1 VEKE

325

350

400

320

355

2 VEKER

440

500

560

510

500

4 VEKER

880

970

1075

1015

885

5 VEKER

1080

1185

1290

1270

1065

6 VEKER

1370

1600

1660

1750

1340

7 VEKER

1760

2030

2060

2240

1620

8 VEKER

         


22. april

Kvelpane har no fått tilgang til heile 1 etasjen, og storkoser seg med å utforske dei nye omgjevelsene! Dei verkar ganske så frimodige:-). Er så smått begynnt å interessere seg for gjenstander, anten det er ein klut dei dreg bortover golvet eller ein ball som triller. Dei har fått tre måltidar for dagen, men idag aukar eg til fire. Dei er stadigvekk innom Kiwa og får seg ein mjølkeskvett og no drikk dei ofte ståande. Har idag fått klippt klørne og blitt håndtert på bord.

19. april

 

Frå venstre: Banjo, tispe 1 og tispe 2 brukar Bounty som hodepute!

Kvelpane er no 3,5 veker gamle. Dei får no 3 måltidar for dagen: kyllingkjøttdeig, maizennavelling og kvelpefor. Dei er ganske svoltne og eter med god appetitt. Dei er trillande runde allesammen, føler nesten dei er breiare enn dei er høge..... Dei er blitt meir aktive no, og har fått større område å bevege seg på. Har satt op ein kvelpegarde rundt kassa, og dei er allerede flinke til å gå utom kassa når dei skal på do....det lover godt for den seinare reinslegheitstreninga:-). Fortsatt er dei ganske stille. Høyrer dei mest når Kiwa kjem bort til kassa UTAN å gå inn - DÅ er dei skikkelege misfornøyde og lager ganske mykje lyd!!! Dei har begynnt å leike ein del, men det går ganske stillt føre seg endå.

15. april

Her kjem nye hodebilder. Er fortsatt ikkje heilt fornøydd med alle, men kvelpane er ikkje alltid samarbeidsvillege.... Likevel trur eg det syner godt at det har skjedd mykje på 6 dager, når siste bilder vart tekne!

Tispe 1

Tispe 2

Tispe 5

Banjo

Bounty

 

14. april

Idag har kvelpane fått kyllingkjøttdeig, første smak på noko annet enn mammas mjølk. Tispe 5 og begge hannene tykte det var kjempegodt, medan tispe 1 og 2 måtte tenke litt over saken først... Men så fann dei ut at det gjekk an..! Alle fekk klippt klørne, Kiwa også. Merkast at det blir mindre trim på ho og no for tiden, for klørne slitast mindre og må klippast desto oftare. Ellers fekk ho være med på ein fin tur opp til ein trimpost idag, første skikkeleg turen på lenge. Det var nydeleg ver, og me kosa oss godt:-) Hadde planlagt å ta nye bilder til sida her, men det flotte veret frista oss til å være ute, og pludseleg var det for lite lys... Skal prøve å komme sterkare tilbake i morgon!

9. april

Idag er kvelpane 2 veker gamle. Alle har no delvis opna auga. Dei er også oppe på alle fire bein og vakler rundt. Minner mykje om kalver som skal prøve å komme seg på beina kort tid etter fødslen, dei er ustødige og deiser rett som det er i bakken! Med ein gong Kiwa kjem oppi kassen er det rett bort til ho og forsyne seg. Har teke nokre bilete av hodene idag.

tispe 1

tispe 2

tispe 5

Bounty

Banjo

 

8. april

Endeleg har også tispe 1 dobla vekta si! Ho har lagt på seg i rykk og napp, men siste dagane har det gått litt tregt. Men siden ho ser fin ut, har ikkje me stressa med da, berre vore litt obs. Ho er og førstemann ut med å opne augene sine, og ho er også oppe og går, omend på MEGET ustødige bein!

5. april

 

Dei veit å slappe av....

....gjerne liggjande oppå kvarandre i ein haug.

 

No er det berre tispe 1 som ikkje har dobla vekta si heilt endå, men det skjer nok i morgon. "Gutta" har fått namn: den svarte blir Smedhaugens Black Banjo og den blå Smedhaugens Blue Bounty. Jentenamnene strever me litt meir med, men det nærmer seg nok ein beslutning der og... Ellers har Kiwa fått ein skikkeleg omgang med børste, klotang og tannskrape idag, spesielt det siste trengtest!!

3. april

No har den blå hannen, tispe 2 og tispe 5 dobla vekta si! Siste døgnet har dei skikkeleg lagt på seg, alle rundt 40 g. Dei andre treng nok endå ein dag eller to før dei klarer det samme. Dei er runde og fine, og alle er flinke til å finne seg ein plass ved "matfatet". Dei to siste nettene har eg sovet i eiga seng. Ganske mykje meir behageleg enn ein madrass på golvet, men jammen er det koseleg å ligge og høyre på lydane frå nyfødte kvelper også. Ville ikkje vore det forutan, nei!! Kiwa er i god form igjen. Hadde litt trøbbel med diarre eit par dager, men no forer me for fullt med godt bløyta kvelpefor, og det vises nok att på vekta til dei små...

30. mars

Her er ikkje så mykje nytt å fortelja. Kvelpane legg på seg, kanskje ikkje nok til å doble vektane sine første veka, men likevel ikkje lite. Alle unntatt den svarte hannen er no over 300 gram. Kiwa har vore dårleg i magen litt på dag 3, så var ho fin igår, men verre idag...Ho er ikkje lenger glad i havresuppe, så eg har servert ho ris m fiskepudding nokre gonger, men ris er ikkje populært, og ho er utruleg til å klare å plukke ut fisken!! (Det hjelpte m litt buljong oppi.). Så får ho Idoform, håper ho blir fort bra igjen, for det er nok fort mjølkeproduksjonen svekkes viss ikkje ho er i skikkeleg form, og ho treng mykje næringsrik mat i denne tid. Ellers har eg klippt klørne på kvelpane for første gong idag, sylskarpe er dei, men ak så små... Måtte på med brillene (som ellers ligg mest i skuffa) for å klare å sjå nok. Har til no lege på kvelperommet om natta, vurderte å flytte til eiga seng i natt, men venter nok til Kiwa er skikkeleg bra igjen.

Bilde av kvelpane, 2 dagar etter fødsel.

 Fra venstre m hodet ned:  blå hann, tispe 1, og tispe 5. Fra venstre m hodet opp: tispe 2 og tric hann.

 

28. mars

Endå ein roleg natt! Ser allerede at kvelpane veks, dei er tydeleg rundare, ikkje tvil om da. Så har dei då også auka vekta med 30-55g sidan fødslen. Kiwa har bra med mjølk men ikkje mjølkespreng eller harde knuter der mjølka hoper seg opp. Ho er skikkeleg svolten no, men tykjer ikkje lenger at havresuppe er det beste i verden. VÅR mat derimot.... Prøver fortsatt å hjelpe den svarte hannen med å finne ein bra spene, han har blitt flinkare, men er sjelden den som vinner kampen om beste plassen. Den blå hannen derimot er ein skikkeleg reser til å få seg mat, så er også han den som har lagt på seg mest med 55 g på 2 dager.

27. mars

Eg har lege på madrass på kvelperommet i natt. Det har vore fredeleg og roleg, Kiwa greier seg veldig bra, er forsiktig når ho skal legge seg ned og ho styrer og steller med dei små, så det står ikkje på dei. På ettermiddagen tok me ein liten sjekk på vekta og alle har lagt på seg fra 10-20 g! Det er den svarte hannen som treng litt hjelp. Han er litt vimsete - kaver rundt for å finne ein spene, og ofte "moser" dei andre han vekk. Men med litt hjelp går det bra.  

26. mars

Natta har vore ganske so uroleg her. Kiwa begynte å pese skikkeleg i 21-tida i aftes, og når eg tok tempen var den endeleg under 37 (36.85).... Så eg la meg aldri, men vart berre værande nede med Kiwa. Og det vart mykje vandring att og fram. Ho fann seg ein stol, som ho ofte låg i, ellers stod ho mykje attmed meg og berre forlangte å bli stroken på krysset bak. Og det skulle no berre mangle; såpass service må no ein vordande mor få! Hadde fire ture ut også, i band såklart, og ho måtte på do kvar gong. Slik gjekk det slag i slag fram til rundt 07.00. Då stoppa det opp og var roleg eit par timer. Men når det då sette igang igjen, skjedde ting fort! Kl 10 begynte ho å skjelve voldsomt, pesa og kava og var skikkeleg uroleg. 10.20 begynte pressriene så smått, det kom TO "vassblærer" fram....Kl 10.45 vart ei tric tispe fødd, m stor kvit krage og kvit bles, 210g. Kl 10.50 kom endå ei tric tispe med større kvit krage, 190 g. 11.05 aukar det på med rier og 11.10 kjem ein blå hann, m halv kvit krage. 215 g. 11.57 - nye pressrier, vatnet går kl 12 og 12.05 kjem ein tric hann med kvit flekk i nakken, 200 g. Eg kjenner på magen og MEINER å kjenne endå ein kvelp... Er usikker, men kl 12.30 får ho nye pressrier , vatnet går og 12.37 blir ei tric tispe født! Ho har  veldig smal, kvit krage og er 200 g. Så ser det ut for at roen senker seg over mor og barn. Kl 14 løfter eg ho ut av kassen og tek ein rask tisse-tur og ein runde i dusjen, medan Emma og Malene skifter på senga. Kjenner på magen, og det verkar tommt no. Men tenk - FEM flotte små kvelpar! Utruleg moro:-)

Tispe 1 født kl 10.45. Heil kvit krage m liten svart flekk. Kvit bles. 210 gram.

Tispe 2, født kl 10.50. Heil kvit krage, liten kvit stripe i panna. 190 gram.

Hann 3, født kl 11.10. Halv kvit krage, kvit brei stripe i panna - smalere mot nasen. 215 gram.

Hann 4, født kl 12.05. Kvit flekk i nakken, smal kvit stripe på nasen. 200 gram.

 

Tispe 5, født kl 12.35. Tynn kvit krage, kvit flekk i nakken, kvit nase og liten kvit stripe i panna. 200 gram.
24. mars

Kiwa er no 61 dagar siden første paring og ho er betydeleg større enn det ho var forrige gang, på samme tid, så me venter i spenning på resultatet......Ho er fortsatt sprek, men er ikkje fullt så aktiv på turane som vanleg. Matlysta har vore god heile perioden, hadde såvidt ein tre-fire dager, der ho var litt uggen om morgonen og ikkje var heilt sikker på om ho skulle ete.... NO derimot, er ho gal etter mat, føler visst aldri ho får nok! Ellers har ho i eit par veker vore ganske så humørsjuk verkar det som.... Av og til hadde ho slett ikkje lyst å gå tur og ho kunne legge seg inn på eit stille rom og berre bli der. Andre gonger fann ho gjerne ein hanske eller ball og kom bort og inviterte til leik! No er ho meir stabil i humøret - dei lange turane er det no slutt på, men ho blir villeg med på rusleturer ute. Ho oppfører seg veldig forskjelleg fra forrige gong, og det gjorde meg lenge i tvil om ho no verkjeleg VAR drektig... Men no kjenner eg liv i magen, ho begynner å røyte ned pels på magen og har formeleg jur... Sjekker tempen hennar dagleg no, for å få ein peikepinn på kor tid noko begynner å skje....

 

 

 

Hovudbilde av Kiwa Hovudbilde av Oliver

 

Rettholtens Cantilly Bluegirl - Kiwa

Felthorn Insider - Oliver