| 18. juli 2011: |
På tide å få oppdatert denne side! Har vore ganske aktive på agilityområdet i sommar, så her kjem det litt diverse bilete og lesestoff!!
| 10 juli reiste eg, Malene,
Emma, Kiwa, Busy og Eve til Vestnes, der Eve var påmeldt hennar første
kvelpeshow, og Emma agility og hopp med Busy. Me reiste fredag, skulle
overnatte på Fjellstova i Sjøholt. Nydeleg tur over Geiranger i flott
sommervèr. Kom fram til hytta i sekstida om kvelden, for å oppdage at der
ikkje fantest noko som helst utstyr - ikkje kopper og kar, bestikk eller
noko:-0 Det er vel nytt for meg! Men da gjekk greit; me fekk låne ei panne
og smuglånte litt bestikk, og så berga me oss med da og litt
eingongsservise. Søndagen møtte me kl 10 på Tresfjord stadion. Me reiste
ikkje så tidleg, for å forsøke å halde Busy pigg. Tok berre ein liten runde
ut med ho, og så låg ho ellers i bilen fram til start. Idag gjekk det mykje
betre:-) Dei starta med hopp - Busy var rett nok litt usikker og nølande i
starten, og det kunne sjå ut som ho tenkte tanken å stikke til meg (eg var
borte med bilen, nettopp for å unngå at ho skulle velge den løysinga). Men
så fekk ho fokus på oppgåvene, og gjekk eit veldig bra løp med Emma:-D Det
vart disk igjen, hugsar ikkje kvifor, men det vart vel for mange vegringer i
starten. I agility meldte ho seg ut igjen, og ville ikkje innpå bana. Då
vart ho nok påverka av to hunder som havna i krangel rett attmed, noko som
og gjorde at ho måtte på bana før ho og Emma egentleg var klare. Men me er
fornøgde med første løp:-) Og etter premieutdelinga fekk dei gå ein liten
runde, så dei fekk avslutta på ein positiv måte. Når det no gjeld tanker
framover, lurer eg på om me rett og slett skal melde ho på i berre eit løp
om dagen ein periode. Det er ganske tydeleg at ho er sliten til andre
omgang, og då er det nok betre å slutte etter eitt løp.
|
|
|
|
Emma og Busy i Vestnes 10 juli. |
| 26 juni var det agility og
hopp konkurranse i Eid. Emma og Busy var påmeldt begge. Desverre meldte Busy
seg ut, og ville ikkje gå nokon av løpa:-0 Kjempetrist for Emma, som hadde
gleda seg, men når me prøver å analyserer årsakene, finn me vel ut at det er
ein kombinasjon av fleire ting. Busy liker seg ikkje noko særleg i slike
miljø med mange hunder og mykje styr. Denne gong møtte me opp veldig tidleg,
dvs fleire timar før løpene starte (ca 5 timar). Dette gjer at ho blir
veldig sliten mentalt, og då melder ho seg ut. Eg sto rett på utsida av
ringen, og då vart det veldig lett for Busy å velge å gå til meg... Dette
var muligens dumt, men me gjorde da slik, fordi Busy kan finne på å leite
etter meg, viss ho IKKJE veit kvar eg er..... Uansett: Emma trenar vidare,
og me får forsøke å prøve ut kva som må til, for at Busy skal trives i
situasjonen!
|
|
|
|
Busy og Emma i Eid 26 juni:-) |
| Under kjem diverse bilete, teke av dyktig fotograf Helge Alme, under Lustramarknaden i Gaupne 11 juni 2011. Luster Hundeklubb hadde stand der, og oppvisning av agility. Emma og Busy var med; dette var flott konkurransetrening:-)) |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
| 01.05.2011: |
Emma og Busy har debutert i agility:-))))
Emma har etterkvart overteke Busy i agilityen. Dei har vore på to kurs med Line Coucheron, og har trena jamnt og trutt. Valgde difor å stille til start på stemnet i Naustdal 30 april, sjølv om dei fx aldri har trena på bom (me har den ikkje) og det nok er fleire ting som ikkje heilt er i boks.... No var det veldig få påmelde der, og veret var fint, så det var ein grei plass og debutere på! Først var det agility, og der gjekk Busy veldig bra! Det vart diverre disk, fordi Emma ikkje oppdaga at Busy gjekk under første hinder, men me e likevel fornøyde med løpet:-) I hopp var Busy mindre fokusert; ho verka rett og slett sliten. Tross alt eit bra løp handlingsmessig, men Busy gjekk under fleire hinder, så det må me trena meir på (har nok trena på for lita høgde, fordi me nok trodde at ho vart liten hund, men altså er mellom).
|
|
|
Emma og Busy i Naustdal etter fullførte løp:-)) |
|
|
|
Emma og Busy ilag med to treningskammerater frå Luster hundeklubb, som også debuterte denne dagen:-) I midten Stine og Ossi, til høgre Ann Kristin og Costa. |
| 11.10.2010: |
I helga var Emma på kurs med Line Coucheron, som er ein meget habil agilityutøver, og som blant anna har vunne NM og vore med i VM. Ho hadde mykje å lære frå seg, og det var kjekt å sjå, at Emma og Busy - og alle dei andre deltakarane - gjorde store framsteg i løpet av så kort tid. Men frå å ha drevet mest med innlæring av enkelthinder, vart det plutseleg trena avanserte (for oss) framforbyter, bakbyter, blindbyter og lange kombinasjoner med opp til 15 hinder:-D Og da gjekk kjempebra! Kjekt var det og å få vite, at me har ein meget god hund, som har kapasitet, evner og vilje til å gjere det bra... Dette gav meirsmak, og me jobbar no iherdig med å få klare eigne hinder, så me kan trene heima og. For det er ikkje lett å få til so mykje trening, når ein må køyre 45-80 km til trening - ein veg:-o Så me får satse på å få laga oss nokre hinder, så me kan lage enkle kombinasjoner, og jobbe vidare. Enn så lenge har me 5 hopphinder (nesten ferdigmåla), ein pølse og ein slalom. Men fleire er under planlegging!
|
|
| Foto-montasje frå helgas agility-kurs med Line Coucheron |
|
|
|
Emma og Busy på torsdagstrening i september. Trenar her fremadsending. |
| 24.09.2010: |
Me har blitt ein gjeng i Luster og Sogndal som trenar agility meir fast no; i ridehallen på Kaupanger om vinteren, og på Kloppi om sommaren. Eg har trena Busy ein del, og i vår tok Emma meir og meir over treninga av Busy, så då har eg teke tak i Kiwa. Har ikkje so mange bilete frå treninga endå, men skal skjerpe meg, og forsøke å bli flinkare på dette!
|
|
|
|
|
Biletserie av Busy som trenar innlæring av slalom. God fokus, og ho begynnar å få flyt på bevegelsen.
|
|
|
|
Kiwa har og god fokus, men har ikkje same flyten som Busy, fordi me ikkje har trena so mykje på dette endå. |

Busy belønnes med ball for å springe tunnelen.

Her sendes Busy inn gjennom pølsa.

Fornøyde deltakare på agilitykurs med instruktør Ann Katrin Bøyum.