Dagbok - A-kullet


18. november

Her skjer det ikkje so mykje nytt om dagen. Eg jobber ganske mykje, men prioriterer hundane når eg er heime. Idag tok eg Alex og Kiwa med ein liten biltur frammi vegen her, der det har gått to store ras. Så gjekk me tur i området og dei to koste seg skikkeleg. Det var ganske glatt på vegen så dei sklei både titt og ofte, men det tok ikkje gleden frå dei! Alex fekk ei stund i band - det har me slurva litt med, og det er slett ikkje moro.... Men idag gjekk det faktisk ganske bra. 

13. november

Ja det er nok litt tomt i huset no som Ayla er reist. Men etter alt me har hørt, har ho det veldig greit hjå sine nye eigare! Turen dit gjekk bra, første natta gjekk også bra, så no gjenstår det berre at katten der skjønner at Ayla vil være venn med den!! Her går alt også bra. Alex har fått oppleve ein del nytt dei siste dagene. Han blir teken med på  små bilturar, og det er berre kjekt når ein får sitte på fanget! Idag var det 13cm nysnø ute, så han og Kiwa koste seg skikkeleg, sprang rundt og herja. Men dei fekk ikkje være så lenge ute, for det høljeregner og er skikkeleg klissblaut. Inne igjen måtte begge tørkast, og no ligg dei og sover begge to. Det er forresten blitt eit heilt nytt forhold mellom mor og sønn etter at Ayla reiste. Før leika ho nesten ikkje med kvelpane sine, måtte berre bort å ordne opp  og gjerne skilja dei,når dei to leika seg imellom. Men no koser ho seg skikkeleg med Alex. Dei springer etter kvarandre, har drakamper og leiker sisten både tit og ofte. Koseleg å sjå! 

11. november

Så er Ayla reist!!! Anita og Magnar kom i to-tiden og henta ho. Fekk oss først ein god prat om forskjellege ting, som er viktige når ein skal ha kvelp i huset for første gong. Og det kan være mykje det! Eg har brukt dei siste dagane til å skrive forskjelleg informasjon, fx: kva gjer ein dersom ørene blir for lette, liste over den foringa kvelpen er vant med, aktivisering, stell mm. Har laga til eigne mapper som kan følge kvelpane med div info, helsebok, kjøpeavtale mm. Ayla fekk også med seg ein pose med maten ho er vant med, eit teppe med gode lukter, ein bamse og litt griseøre-biter... Så no kan me berre ynskje dei nye eigarane LYKKE TIL! Så må me ta oss ekstra godt av Alex framover. Han er ikkje seld endå, men me begynner no å trappe opp reinslegheitstreninga (som allerede er godt igang). Han skal begynne å gå litt med halsband, lære seg å gå i band, og få ein god del miljøtrening. Han må også få lov å bli med på loftet og ligge der med oss. Skal selvfølgeleg ikkje ligge aleine nede, no som søsteren er reist. Me begynner altså på den jobben som nye eigare som regel tek; så får me sjå om det etterkvart melder seg nokon, som er interessert i ein triveleg hanhund...

9. november

For at ikkje bilkøyring skal bli alt for framand for Ayla og Alex, når dei skal reise herfra, tok eg dei med på skulekøyringa idag. Då fekk dei ein liten tur på ein halvtime. Dei var bak i bilen, i bur ilag med Kiwa. Også denne gong var det litt piping første ti minuttane, siden vart det stillt. Etterpå koste dei seg ein god stund ute, medan eg dreiv å klippte til ein gummimatte baki stasjonsvogna. Dei er jo so glad for å være ute, og gjett om dei sovner fort når dei kjem inn igjen!!

8. november

Ayla og Alex er no ganske aktive. Forsøker å finne på nye ting dei kan bryne seg på, prøver å venne dei til lyder og andre "skumle" ting. Så dei siste to dager har eg teke dei med i fjøsen. Der er det kyr og kalver som rauter, innredning som skramler, kjøletank og ventilasjon som lager støy. Igår var dei litt skeptiske, når dei skulle ta første stega over dørstokken, men når først dei hadde kommt seg inn i fjøsen, var det ganske spennande. Begge to likte smaken på silofor, møkk var heller ikkje so verst!!! Idag tok eg dei ned der igjen, og no var det heilt greitt å gå inn der. Og dei undersøkte ting frimodig og sprang rundt og leika. Kjempebra!                        Ayla er ellers veldig fasinert av katter - passer bra siden det er katt i huset ho skal bu i! Ho har nok fått seg ein dask over nasen eit par gonger, sjølv om Kissi (den av kattene våre som er mest tålmodig med hundar) er ganske fredeleg av seg. Og Ayla er SO smisken og innsmigrande av seg - forsøker med heile seg å sei: "eg er berre snill, kan me leike litt??"

6. november

Det er no bestemt at Alex likevel ikkje reiser til Selje. Etter at eg opplyste om at han KAN bli i største laget, valgte dei å trekke seg fra kjøpet. Så no ligger Alex igjen ute på nett/tv2... Har ellers hatt ein fin helg med masse tid til kvelpane. Dei er på god veg til å bli reinslege. Er kjempeflinke å gå på do ute, når berre me er oppmerksame nok. Sameleis jobber me med innkalling og det går skikkeleg bra. Plystresignalet, som me brukar når dei skal ha mat, sit godt inne, og begge kjem springande i full fart, også når dei høyrer dette signalet ute. Då vanker det selvfølgelig ein godbit, og det har dei jo skjønt...Me var ute ein god stund midt på dagen - me skulle demontere trampolina vår og ta den inn for vinteren, og dette fekk Ayla og Alex samt Kiwa være med på. Dei stortrivast ute alle tre, men det var ganske gjørmete rundt der, så når me kom inn, måtte alle tre under dusjen og vaske føtter og mager. DET var ikkje like kjekt....

4. november

Idag har Ayla og Alex opplevd masse nytt. Starta idag tidleg kl 9 med ein biltur til dyreklinikken Sogndal. Det er første gongen dei har køyrt, og eg var spent på korleis det gjekk. Det er 7 mil dit, og vegen er svingete, så om nokon hadde blitt bilsjuke, hadde det ikkje vore så rart. Men det gjekk heilt bra! Det var litt klynking første 20 minuttane, siden vart det stilt. Eg hadde lånt eit større bur, så dei var bak i bilen, i bur, ilag med mamma. Så var det inn til dyrlegen for å få helseattest og mikrochip + vaksine. Alex var førstemann ut. Tok heile seansen med stoisk ro - eit lite klynk når chipèn skulle inn var alt (gjett om eg forstår DET - nålen var DIGER!!). Ellers var alt ok med han, fekk sjekka bitt, hjertelyd, hofter, klør, auge, ører mm. Etterpå var det Ayla, og ho også tok det bra. Hadde forventa litt meir protester fra ho, men ikkje ein lyd. Nåd dei var ferdige, sette eg dei i bur igjen, og begge sovna momentant! Det tek på å oppleve so mykje nytt på ein dag!!                                                                                                                              Etterpå reiste me til Indre Hafslo, der eg skulle levere noko kvelpefor til ein sheltie-eigar. Og der måtte Ayla og Alex nett innom og helse på Lexi, ei lita sheltietispe på 3 mdr. Men både Ayla og Alex var kjempeslitne og ikkje særleg interesserte i kontakt idag. Så vidare til Gaupne og springer-oppdretter Inger. Ho hadde att to kvelper, som ikkje var levert, og ville gjerne sjå mine. Så me tok Ayla og Alex inn på kjøkkenet til Utopia og Unix. Ayla og Alex var fortsatt stuptrøytte og berre la seg ned på gensaren min første halvtimen. Men så vakna dei litt meir til liv. Idag var Alex den tøffaste, medan Ayla heldt seg meir i bakgrunnen. Me tok kvelpane ut i hagen for å ta nokre bilder, og hadde me hatt litt meir tid, hadde det nok blitt mykje leiking. Men me måtte heimatt, og Inger sto på reisefot. Så bar det inn i bilen igjen, og heim til kjente omgivelser etter ein lang, opplevelsesrik dag.....  

1. november

Idag har kvelpane vore i mjølkerommet. Det var ganske masse bråk av høgtrykkspylar og mjølketank, så det var litt skummelt! Ayla kom ganske fort øver dørstokken, medan Alex fant det tryggast å halde seg på trappa utanfor. Etterpå kom naboens border collie -Scott- ned og helste på. Han var litt voldsom til å begynne med, men begge to viste interesse. Igjen var Ayla mest frampå, medan Alex tykte det var tryggast å observere situasjonen fra sin plass mellom beina mine.

31. oktober

Har idag hatt fleire telefonar på annonsen om Alex på TV2. Det er no bestemt at også han reiser til Nordfjord, nemlig til Aud og Bjørn Svengjerde i Selje. Han reiser på mondag, så då blir det tomt her! Me har jobba litt innkalling med dei, og dei kjem villeg inn og får seg ein godbit (kylling er snadder!). Her er det Alex som er mest ivrig. Han skjønte fort at dette var kjekt!

30. oktober

Idag fekk Ayla og Alex helse på ein annan hund. Det var Cim, pappilon-hannen til besta. Det var litt skummelt med store oppståande øyrer og masse pels! Men nysgjerrigheten tok fort overhånd, og spesielt Ayla var ganske ivrig. 

29. oktober

Ayla og Alex er no ute eit par gonger kvar dag, og storkoser seg. Eg har måtte tape over katteluka no, for Ayla hadde skjønt at dette var ein grei måte å komme ut på. Men eg vil gjerne ha den kontrollen sjølv. Blir det fleire kull her, evt. med fleire kvelpar, må eg laga til ein rampe. Då blir det enklare når dei skal inn og ut.

24. oktober

Idag er Alex lagt ut på TV2-torget, flott annonse med bilder (igjen er det Inger som har hjelpt; lurer på kva eg blir skuldig ho til slutt???). Det har vore liten respons på hanhund, medan eg sikkert kunne ha solgt 20 tisper.... Alex er ellers ein kjempeskjønn, frimodig og aktiv gut. Har flott, kraftig beinbygning, fine farger og eit nydeleg fjes. Han liker å bære rundt på ting, apporterer til og med metal, så han må bli ein super hund å jobbe med!!

23. oktober

Det luktar fortsatt maurspray de-luxe på kvelperommet... Har no teke min tredje vask derute - fann da endå meir kliss i hobbykassen min, som står full av alskens rare saker. Måtte ut med alt, vaske, skifte poser mm. Håper det kjem seg no! Ellers går det bra med Ayla og Alex. Dei er no ute eit par små turar kvar dag, og ELSKER det! Masse nytt somm dei utforsker frimodig. Ellers slit eg fortsatt med foringa - dei er glad i skive med leverpostei, graut med eggeplome og små kjøttbiter er passe ok, men oppbløytt kvelpefor er pyton.... Idag prøvde eg å gje dei kvelpeforet tørrt, og DET var godt! Men eg er usikker på kor lurt det er. Tørrt for kan suge til seg ganske mykje veske fra tarmene, og det kan auke risikoen for magedreining. Må nok ta ein telefon til oppdretter-Inger og spørje om råd.

21. oktober

Idag kollapsa ein maurspray-boks på rommet der kvelpane no har vore om natten og når dei må være aleine. Heldigvis skjedde det midt på dagen, når kvelpane IKKJE var der, for stanken var uuthaldeleg!!! Eg har vaska, fjerna alle aviser, bytt tepper og sett glaset på vid gap, men Ayla og Alex må nok sove på kjøkkenet i natt. (Takk og pris for kompost-bingen, som er ypperleg for å halde dei på eit trygt, avgrensa område, når dei er utan oppsikt). Håper lukta forsvinn fort...

20. oktober


Det kan no ofte være seigt å stå opp om morgon, men ikkje no lenger! Det er so UTRULEG kjekt å komme ned til hundane no. Ayla og Alex er i hundre når dei høyrer folk - heilt elleville. Rumpene går som trommestikker og dei hopper opp og er SO pratesjuke! Dette blir heilt sikkert noko av det eg kjem til å sakne, når dei reiser til nye eigare om nokre veker.... Ellers slit eg litt med foringa til dei. Det har lett for å bli slik at dei går og små-syger på Kiwa både tit og ofte, og då er ikkje maten eg serverer so spennande. Alex er no ganske bra å ete, medan Ayla tydeleg tykjer at mamma er best...! Må nok prøve å skilja dei litt meir, slik at dei blir skikkeleg svoltne til måltidene.

18. oktober
Kvelpane er no fem veker gamle, og SKIKKELEG søte! Eg har flytta dei inn på eit annet rom no, der dei er om natta og ellers viss dei må være aleine om dagen. Dette rommet stenger eg med grind, slik at dei held seg der, og det er aviser på golvet, som enkelt plukkast vekk og skiftast. Ganske deilig å slippe å begynne dagen med golvvask, slik som eg måtte før, når dei gjekk fritt i stova og hadde tissa og bæsja overalt....... Har radio ståande på heile natta, og både Ayla og Alex roer seg fint der no.

15. oktober

Så kom ein ny dag med berre to kvelpar. Merkeleg og trist. Heldigvis er dei friske og fine - faktisk kaller me dei no for rømlingane. Det er nemleg ganske vanskeleg å halde dei inne i kvelpegarden....! Hadde først ei papp-plate i front, slik at Kiwa skulle kunne komme inn til dei, men dei ikkje kunne komme ut. Men dei kom seg over og ut. Så sette eg opp eit steikeomnsbrett på 34 cm, og tenkte at NO er dei i alle fall trygge! Men kven var ute neste morgon???! Både Ayla og Alex... I natt skal eg snu brettet; då vert det altså 43cm, og DET må no vel stoppe rømlingane?? Høyr meir om det i neste episode...

14. oktober

Det gjekk ikkje slik som me håpa. Aimee ble gradvis svakere utover natta, og døydde i sekstida om morgon. Det var skikkeleg fælt. Ho var ei skikkeleg godjente, som me alle hadde blitt skikkeleg glad i og det falt mange tårer den dagen! Dyrlegen hadde lyst å obdusere henne for å sjå om han fann årsaka til problema. Dette var me enige i, så me reiste til Gaupne med ho. Etter ei laaang stund kom endeleg telefonen fra dyrlegen, som skulle lette mitt hjerte ein god del. Det viste seg at det var ein medfødt hjerte/lungefeil, som ikkje var leveleg og ingen kunne ha gjort noko med. Dette er godt å vite i ettertid.
Seinare på dagen vart det begravelse, og no ligg altså vesle Aimee i hagen vår attmed Tommie...

13. oktober

Dette har vore ein fæl dag - eit sant mareritt. Alt begynte så fint. Kvelpane hadde vore aktive; leika, ete og sove som vanleg. I ti-tiden om kvelden blir det pludseleg noken merkelege lyder fra kvelpekassa. Me spring bort og ser at Aimee ligg og skummar rundt munnen med store pusteproblem. Løfter ho opp, prøver å riste liv i ho og sjekker munnen for fremmedlegeme, som er første tanken på kva som kan ha skjedd. Ser ingenting, men ho er kjempeslapp og det er såvidt det er liv i ho. Eg ringer Inger (oppdretter-veninne med masse erfaring) og får med panikk i stemma forklart kva som skjer. Ho gir ordre pr telefon, Johannes jobber med Aimee medan eg prater. Aimee er veldig svak, men puster etterkvart litt bedre. Me reiser avgårde med ho i bil - Karoline held ho, eg køyrer. I mellomtiden skal Inger prøve å få kontakt med dyrlege. Undervegs blir Aimee litt bedre, puster for eigen maskin, men klynker heile tiden trur me - seinare skulle det vise seg at det ikkje var klynking, men ulyder fra pustinga, men dette var vanskelg å høyre i bil-duren. Vel framme ser først Inger på ho. Ho tykkjer det er mystisk med den pusten, som slett ikkje er normal. Me får omsider kontakt med ein dyrlege som kan sjå på ho. Han sjekker og først halsen for fremmedlegeme, men ser ingenting. Derimot er ho noko hoven bak i svelget. Han sjekker ho grundig, men klarer ikkje å finne nokon forklaring på den anstrengte pusten. Han gir ho ei sprøyte med bittelitt kortison, i håp om at det skal lette. Han er noko usikker på korleis dette går, men me gir ho ein sjanse. Me reiser heimatt, det er store avstander, så klokka er nesten eitt på natta før me er heime. Aimee er ganske roleg i bilen, me håper ho skal greie dette...

12. oktober

No har eg fått tak i kvelpegarde, og kan no i perioder stenge av eit område til dei. Veldig greit om natten, og viss me skal vekk/ut på dagtid og - dei er i stova, og her er det både ledninger og andre farlege ting dei sikkert vil undersøke. Då er det greit å vite, at dei er trygge når ikkje dei dei har tilsyn.

11. oktober
Idag får kvelpane oppbløytt kvelpefor for første gong. Det også gjekk ned med god appetit. Dei liker tydeleg å få meir å mette seg på no. Får no tre måltider for dagen. No er dei fire veker gamle, og skikkeleg søte. Dei leiker og slåss, knurrer og bjeffer og begynner så smått og logre med halen. Framleis søv dei ein stor del av dagen, men periodane, der dei er vakne og aktive blir stadig lengre.

9. oktober

No er det tydelegvis slutt på at Kiwa et avføringa, for no er det og små klatter på golvet! Eg gler meg til eg får tak i kvelpegarde, så eg kan stengje av eit område til dei, i hvert fall om natten. Det kan nok også være greit for Kiwa sin del - ho får ikkje mykje fred fra dei. Dei heng gjerne etter ho, og prøver iherdig å få tak i puppene, så dei får seg ein mjølketår! Idag har dei og fått velling - DET var godt, det.

7. oktober
Kvelpane er no alle plasser. Det første eg må gjere om morgon no, er å vaske golv, for det er små tissesøyler overalt....

6. oktober

Kvelpane får ormekur igjen. Klipper klør igjen - det er ikkje lenge mellom kvar gong det må gjerast, dei veks fort.

5. oktober

Idag fekk kvelpane for første gong rå kjøttdeig. Aimee tykte det var kjempegodt, Ayla tok det etter litt betenkningstid, medan Alex ikkje var overbegeistra.....

4. oktober

Idag åpner eg kassen, så kvelpane kan gå ut på golvet. For no var det ofte ein kvelp utom kassen, samtidig som dei ikkje klarte å komme oppi der igjen. Samtidig begynner dei å tisse meir, og det er greit om mesteparten av dette hamner utom kassen.... Avføring ser eg ingenting av, så det er tydeleg, at Kiwa tek den jobben enda.

3. oktober

Idag låg Ayla utom kassen når eg sto opp. Hadde lagt eit teppe der, so ho hadde det heit og godt. Har begynnt å gje alle tre mjølkeblanding; det er populært.

1. oktober

Aimee får seg eit tilleggsmåltid idag. Litt heilmjølk, litt fløyte og litt eggeplome. Alt samanblanda. Det var ganske greit å gje ho, mesteparten kom dit det skulle, og ho likte det tydeleg.

30. september

Vegard, som skal fikse ein heimeside til meg, kom inn her idag. Tok litt bilder og prata masse om korleis me har tenkt oss den... Spennande!

29. september

Alle kvelpane står oppetter kanten og skriker - dette skjer spesielt når Kiwa kjem og sleiker dei, og står og ser til dei, uten å gå oppi. Då er det skikkeleg lyd i alle tre, og ofte kjem dei seg ikkje ned igjen. Aimee er no 610g, og har som den siste tredobla vekta si. Men ho er rund og fin, blank i pelsen og ser godt ut. Så eg håper det er i orden. Kanskje det er på tide å begynne å gi ho litt tillegg?

28. september
Ayla har tredobla vekta og er no 820g.


27. september

Alex og Ayla står og syg. Aimee klarer ikkje heilt å halde balansen endå...

26. september
No ser me smale sprekker til auge! Er såvidt oppning no, og det ser ut for at Alex sine er blå som mora sine. Dei er no meir aktive. Faktisk kjem Ayla og Alex idag over kanten på kassen og ramler ut på golvet. Gjett om det er lyd i dei då!!! Dei bjeffer hysterisk og Kiwa kjem ilande til. Eg vel difor å ta vekk heile den råma, som var rundt kanten oppi kassa og gav kvelpane ein friplass. Alex har no tredobla fødselsvekta!


25. september

Kvelpane er no 12 dager gamle. Dei har blitt mykje større no, og Ayla veg no 720g, Aimee 500g og Alex 735g. Han har no gått forbi Ayla og er størst! Idag er dei faktisk oppe på føttene sine og går! Mest Ayla og Alex, men Aimee strevar også og kjem såvidt opp.

24. september

Idag får eg min første forespørsel om kvelpane. Dei er altså no lagt ut på nett!

23. september
Kvelpane er no ti dager, og får den første ormekur. Det likte dei faktisk, medan Kiwa ikkje var overbegeistra... Ho har ellers ENDELEG fått matlyst igjen, og det er bra. Heile drektigheten hadde ho elendig matlyst, og ho er faktisk i tynneste laget no. No får ho fire måltid med kvelpefor pr dag.


21. september

Klipper klørne på kvelpane for første gong - dei er sylspisse no. Men enkelt var det ikkje... dei spreller og er slett ikkje interesserte i slikt tull! Men det går no på eit vis... Alle tre har dobla fødselsvektene sine. I natt sov eg for første gong etter fødslen i eiga seng. Deilig!

19. september

Kvelpane er no 6 dager gamle, og veks godt. Dagane går stort sett med til eting og soving, og dei er tydeleg større no. Fortsatt er Aimee på etterskot, men ho er rund og fin og like "oppegåande" som dei andre. Tek ein telefon til Winnie Olsen (kennel Mainland), som er enig i, at det me kan gjere, er å passe på at ho får ha dei beste spenene i fred og ro, uten at dei store skal få jage ho. Eg spør i samme slengen om det, eg har lurt på lenge, nemleg om dei kvelpane som er født store (slik som Ayla og Aimee), vil ha lett for å bli FOR store seinare? Men der får eg til svar, at fødselsvekta og vekta dei første fem vekene, IKKJE har betydning for den endelege størrelsen. Men at det er på tilveksten fra 5-8 veke, at ein kan begynne å få følelse av, om ein kvelp vil bli stor, liten eller passeleg. Masse nyttig lærdom for ein ny oppdretterspire - takk Winnie!

17. september

Er litt bekymra for Aimee. Eg har vege kvelpane kvar dag, for å sjekka at Aimee får nok mat og ikkje kjem for mykje etter hine. Når eg veg dei idag har Aimee lagt på seg 90g mens Ayla har lagt på seg 165g og Alex 145g. Det betyr altså at ho blir hengjande etter.... Ny telefon til Inger, som meiner at det eg kan gjere, er å passe på, at Aimee får dei beste spenene og at ikkje hine jager ho vekk. Sender liste til sheltieklubbens kvelpe-formidler, slik at kullet mitt blir lagt ut på klubbens sine nett-sider.

16. september

Idag bestemmer me namn på dei. Den største tispa som vart først født, og som har mest kvit på seg skal heite: Smedhaugens Attractive Ayla. Den minste tispa skal heite: Smedhaugens Adorable Aimee. Den blå hannen skal heite: Smedhaugens Amazing Alex.

15. september

Kiwa er rolegare idag. Er fortsatt mykje i kassa, men er også framme ein del. Veg kvelpane, alle har lagt på seg. Snakker med Jan Johansen (kennel Imajan) som har far til kvelpane, han gratulerer med eit flott kull, og tykjer fødselsvektane er kjempeflotte!! Moro.

14. september

Natta har vore roleg. Eg har lege på solseng attmed kassen. Har nok vore vaken mange gonger, og fekk panikk når eg ikkje så ein kvelp - men så låg den berre heilt inntil mora og ble vekk i all pelsen... Dette skjedde fleire gonger, og eg skvatt skikkeleg kvar gong, men det gjekk altså bra! Kiwa er skikkeleg omsorgsfull, forsiktig når ho skal legge seg ned til dei osv. Har no fått digitalt kamera, og har teke dei første bildene. Utover dagen verker Kiwa noko uroleg - ser ut som ho flytter seg vekk fra kvelpane når mjølka kjem. Då reiser ho seg og legger seg ned i andre sida av kassa. Dette bekymrer meg. Ny telefon til Inger, som meiner det kan hende Kiwa har litt etterrier. Dette vil då typisk komme når kvelpane syg... Held meg i nærleiken av kassa, og legg meg ned når kvelpane syg. Stryker Kiwa i bringa og småprater med ho, slik at ho roer seg.

13. september

Kiwa - og eg - har sove roleg i natt, men om morgonen begynner ho igjen å pese og skjelve noko voldsomt. Vil berre være rundt meg heile tida. Ligg attmed meg i sofaen, men og ein del i stolen attmed. Vandrer att og fram, er ute fleire gonger - innatt like fort. Eg held meg stort sett i sofaen den føremiddagen, for ikkje å stresse ho unødig - går eg nokon stad, skal i hvert fall ho bli med!! Men eg tenker for meg sjølv: hadde ho endå bestemt seg for kvar ho vil være.... Kl 13.30 begynner ho så smått å få pressrier. Ligg i stolen, ned på golvet, vandrer litt rundt. Kl 13.45 - ny pressri, vatnet går i ei søyle på golvet. Snakker med Inger (ei god veninne, som driv springer-oppdrett - mange års erfaring. Det er ho som har lokka meg ut på dette her - no får ho jammen lose meg igjennom dette på beste vis!). Ho seier at no skal kvelpen helst komme i løpet av ein halv-times tid. Nervepirrande venting...... Ser ut til at Kiwa har bestemmt seg for å føde i stolen (passer meg bra -då er telefonen innen rekkevidde!), så eg ordner til med handduker og tepper. Halvtimen går - ingen kvelp i sikte. Eg ringer Inger igjen, medan eg prater med ho kjem pludseleg kvelpen fram. Kjem med bakbeina føre, og der sitt den.... Bra å ha Inger på linja da! Får beskjed om å dra den ut - ta ein handduk rundt for å få bedre feste og dra forsiktig. Eg prøver, men berre halen og to bittesmå føtter stikk ut - er redd for å brekke beina på den, eller dra dei or ledd... Men ut må kvelpen, så eg dreg ganske mykje - ut kjem ei stor tricolour tispe. Ho er ganske mørk, har ein stor kvit flekk i nakken, kvite sokker og halespiss. Ho er ganske slapp, så eg må jobbe ein god del med ho, før pusten kjem skikkeleg igang. Klokka er då 14.20.Kiwa er mest oppteken av å sleike seg sjølv til å begynne med, men endeleg oppdager ho kvelpen, og begynner å sleike den. Spiser morkaka og bit forsiktig av navlestrengen.

1/2 time etter, kl 14.50, kjem enda ei tricolour tispe. Betydeleg mindre - 200g - også denne kjem bak fram og må ha litt drahjelp ut, men ho puster bra, og er fort igang med å suge. Denne er enda mørkare, har kvite sokker og halespiss + ein kvit flekk i nakken. Når Kiwa fødte denne kvelpen, var våre fire minste ongar heimattkomne fra skulen. Eg lurte på, om eg skulle forvise dei fra stova, men ettersom Kiwa overhdet ikkje ensa at dei var der, lot eg dei få være i rommet. Kiwa var fullstendig oppslukt av kvelpane, tok fødslen med stoisk ro - ikkje ein lyd hørtest under heile forløpet.

No lurte me selvfølgeleg på om det kom fleire?? Kiwa var heilt oppslukt av dei to ho hadde fått, og eg begynnte å tru, at det kanskje var tommt. Men kl 15.20 kom det pludseleg ein til - ein stor blå hann på 260g. Han har halv kvit krage, kvite sokker og halespiss - flotte teikninger! Denne kom rett veg, men eg hjelpte litt med å dra den ut. Her tok det litt tid før morkaka kom ut. Når den kom, fjerna eg den. Kiwa hadde allerede ete to, så denne vart kasta.

No begynte det å bli ganske trongt og blaut i stolen, så eg flytta mor og barn borti kvelpekassen, som sto klar. Her fekk dei det kjempefint. Etter ein time var det fortsatt stillt og roleg. Eg tok Kiwa ut i dusjen og fekk vaska av klisset, og tok så ein tissetur. Prøvde å kjenne etter om det var fleire kvelpar - VANSKELEG! Det viste seg då og at det var tommt. Det vart altså tre fine kvelpar, og me er kjempefornøydde!!!

12. september

Dette er min siste arbeidsdag - har jobba veldig mykje dei siste fire dager, og har bedt 1000 bønner til høgare makter om, at Kiwa må vente til mondags kvelden med å sette igang. Då har eg nemleg fri framover... Om kvelden, medan eg er på skulevask, får eg melding om, at Kiwa er uroleg, peser og skjelv. Det blir nok ikkje vaska so veldig grundig den dagen, nei, men når eg kjem heim er bikkja ganske roleg. Lufter ho i band før natta (- har hørt diverse historier om tisper, som stikker av/forsvinn på lufteture; kvelper som blir født på den lufteturen, men ikkje oppdaga, og derned blir liggjande ute osv....Dette skal eg ikkje vite noke av, så her blir alle forholdsregler tatt!)